Eirik Håkonsson Ladejarl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mennene til Eirik entrar Ormen lange.
Teikna av Halfdan Egedius til Heimskringla.

Eirik Håkonsson Ladejarl (fødd kring 963, død kring 1024) var jarl av Lade (Trøndelag) og Håløygaland (Hålogaland), om lag frå 995 til 1012. Jarl av Northumbria frå 1016.

Han var saman med broren Svein jarl av Noreg. Eirik var alliert med danskekongen Svein Tveskjegg og svenskekongen Olof Skötkonung i slaget ved Svolder i 1000. Etter at kong Olav Tryggvason fall fekk Eirik størstedelen av det nordafjellske Noreg,i len av kong Svein. Broren Svein vart jarl medan han fekk Romsdal, Jamtland , og Ranrike (Bohus) i len av Olof Skøtkonung, alt etter Svolderslaktet.

I 1012 reiste han med kong Svein til England og overlét riket sitt til son sin Håkon.

I England kjempa Eirik saman med svogeren Knut den mektige. Det kan ikkje vera tvil, hevdar F.M. Stanton i standardverket sitt: «Når Knut den mektige kring 1015 så snøgt lukkast hærta England, hadde Eirik, som på førehand hadde bore sigeren heim frå dei to mest namngjetne slaga i norderlanda, hovudæra for det».

Eirik var frilleson av Håkon Sigurdsson Ladejarl, mora var truleg ei kvinne av legre byrd enn faren. Eirik vart fostra opp av Torleiv Spake, på Melhus. Svein Håkonsson Ladejarl var bror hans. Eirik vart herskar av Ladoga ca. 990 (Novgorod Russland), medan faren Håkon Jarl herska på Lade.

Han vart gift med Gyda Sveinsdotter, dotter av danskekongen Svein. Saman fekk dei Håkon Eiriksson Ladejarl.

Eirik vert mellom anna skildra av Snorre Sturlason i Heimskringla.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Sir F.M. Stanton: Anglo-Saxon England

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]