Eirik Halvorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eirik Halvorsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. august 1975 (48 år)
Idrett skihopping

Eirik Halvorsen (fødd 15. august 1975) er ein norsk tidlegare skihoppar som vann ein bronsemedalje under noregsmeisterskapen i 1996. Han representerte Konnerud Idrettslag.

Halvorsen debuterte i verdenscupen med 18. plass i Vikersund 18. februar 1995. Beste plasseringa i verdscupen var ein andreplass i normalbakken i Sapporo 20. januar 1996, då einast Jens Weissflog var betre. Samanlagt i verdscupen 1995/96 vart han nummer 16. Under den tysk-austerrikske hoppveka 1995/96 kom han samanlagt på tolvte plass. I verdsmeisterskapen i skiflyging 1996 i Bad Mitterndorf (Kulm) vart han nummer åtte.

Halvorsen kom på bronseplassen under noregsmeisterskapen 1996 i stor bakke i Meldal, berre overgått av noregsmeisteren Espen Bredesen og Stein Henrik Tuff. Same sesongen var han på Buskeruds lag som vart noregsmeistrar i laghopping i Stryn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]