Eirik Raude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Eirik Raudes Grønland

Eirik Raude eller Eirik Torvaldsson (Eiríkr Rauði) vart fødd om lag år 950, truleg ein stad på Jæren i Rogaland fylke. Om lag år 1003 døydde han. Tilnamnet «raude» skal koma av det raude håret til Eirik.

Utlegd på Island[endre | endre wikiteksten]

Om lag i år 970 måtte Eirik og faren Torvald Asvaldsson reisa frå Noreg etter å ha vorte lyst fredlause. Truleg hadde Torvald drepe nokre av mennene til kong Harald I Hårfagre. Dei valde å reisa til Island.

Etter ei tid på Island vart Eirik Raude dømd fredlaus for drap. Dimed måtte han nok ei gong finna nytt land. I mellomtida hadde Eirik gifta seg med Tjodhild. Saman fekk dei sønene Leiv, som seinare blei kjend for å ha oppdaga Amerika, og Torstein. Med andre kvinner hadde Eirik borna Torvald og Frøydis.

Utlegd på Grønland[endre | endre wikiteksten]

I 982 kom dei til det nye landet, som dei kalla Grønland, og utforska det i tre år. Då reiste dei til Island og inngjekk forlik med uvenene sine. Eirik Raude fekk med seg fleire hundre menn, kvinner og born og slo seg ned i det nye lovande landet.

To bygder laga seg til, Eystribyggð og Vestribyggð, det vil seie Austbygd og Vestbygd. Eirik Raude vart lagmann for bygdene. Garden Brattalid (Brattahlíð) i Austbygd var hovudbølet til Eirik Raude og slekta hans. Brattalid låg ved det noverande Narssarssuaq.

Sonen Leiv Eiriksson merka seg ut med reiselyst og vågemot, og er rekna for å vera oppdagaren av Vinland.

I 1002 kom det fleire folk til Grønland frå Island. På Island tok det til å verta for mykje folk i høve til livsgrunnlaget. Eirik Raude døydde i 1003, truleg av sjukdomar som følgde med dei nyaste innvandrarane.

Etter Eirik[endre | endre wikiteksten]

Soga om Eirik Raude er truleg skriven av Jon Thordharson i 1387, mest fire hundreår etter at Eirik levde. Truleg er soga skriven ned etter munnleg overleverte soger.

I nyare tid er boreplattforma Eirik Raude, som leiter etter olje i Barentshavet for Statoil, oppkalla etter vikinghersen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]