Eisaku Satō

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eisaku Satō.

Eisaku Satō (27. mars 19013. juni 1975) var ein japansk politikar og nobelprisvinnar.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Eisaku Sato voks opp i prefekturet Yamaguchi, heilt sør på øya Honshu i Japan. Han studerte ved Universitetet i Tokyo, og vart etter kvart politikar for det liberale partiet i Japan. Han heldt så fram i det liberaldemokratiske partiet etter at det liberale fusjonerte med det demokratiske partiet. Han arbeidde seg oppover i politikken, og var ein av ministrane som hadde ansvar for Sommar-OL 1964 i Tokyo.

Statsminister[endre | endre wikiteksten]

I 1964 etterfulgte Satō Hayato Ikeda som statsminister grunna Ikeda si dårlege helse. Satō vart gjenvald i 1967 og endå ein gong i 1970. Då han gjekk av i 1972 hadde han site i tre periodar, nærmare åtte år. Satō var ein populær statsminister på grunn av Japan sin blømande økonomi.I utanrikspolitikken, der han veksla mellom å samarbeida med USA og Kina, vart det meir bylgjer. Satō støtta samarbeids- og tryggleiksavtalen mellom Japan og USA, noko som førte til mange valdsame protestar i Japan, særleg blant studentane. Satō valde deretter å stengja Universitetet i Tokyo eitt år i 1969. Då han gav seg i 1972, vart han etterfulgt av Kakuei Tanaka.

Nobels fredspris[endre | endre wikiteksten]

I 1975 vann Eisaku Satō Nobels fredspris "for hans fornekting av atomvåpen for Japan and innsatsen hans for å styrkja regional forsoning." Prisen vart delt med iren Sean MacBride. Satō vart med dette den fyrste asiaten som vann fredsprisen, og han er så langt den einaste frå Japan som har vunne prisen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]