Eisenach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 50°58′28″N 10°19′28″E

Eisenach
Eisenach rundt 1900.
Eisenach rundt 1900.
Byvåpenet til Eisenach
Byvåpenet til Eisenach
Styresmakter
Delstat Thüringen
Oberbürgermeister Matthias Doht (SPD)
Geografi
Flatevidd 103,84 km²
Innbyggjarar 43 626
Høgd over havet 215 m
Diverse anna
Nettstad: www.eisenach.de

Eisenach er ein tysk by i Thüringen med rundt 43 600 innbyggjarar (2007). Han ligg 215 moh. på den nordvestlege skråninga av Thüringar Wald.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Eisenach blei grunnlagt på 1100-talet og fekk byrettar i 1283. Under eksil på Wartburg omsette Martin Luther Det nye testamentet til tysk. I 1685 blei Johann Sebastian Bach fødd i Eisenach. Slektningen hans Johann Christoph Bach og to andre store barokkomponistar, Johann Pachelbel og Georg Philipp Telemann, verka her.

Fleire møte av tyding i tysk historie har vore haldne i eller ved Eisenach, mellom anna blei det tyske sosial-demokratiske partiet (SPD) stifta her 1869.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

I sentrum av byen ligg Marktplatz, med fleire bindingsverkhus, apotek, det gamle rådhuset frå 1638 og slottet frå 1742–45 der ein finn Thüringar Museum. Borga Wartburg ligg på ei høgd 400 meter over byen. I 1999 blei borga sett opp på UNESCO si verdsarvliste. I byen finst også eit Lutherhaus til minne om Martin Luther og eit Bachhaus til minne om Bach.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Historisk har Eisenach hatt stor tyding for tysk bilproduksjon. Ein framstilte EMW og Wartburg i det tidlegare Aust-Tyskland, og etter gjenforeininga BMW og Opel. Industrien i byen omfattar i tillegg produksjon maskinar, kjemikaliar og elektrotekniske artiklar. Turisme er også viktig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eisenach

Kjelder[endre | endre wikiteksten]