Eiteråga i Rana

Koordinatar: 66°23′46.954″N 14°39′39.589″E / 66.39637611°N 14.66099694°E / 66.39637611; 14.66099694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

66°23′46.954″N 14°39′39.589″E / 66.39637611°N 14.66099694°E / 66.39637611; 14.66099694 Eiteråga er namnet på både ei elv og ei grend i Dunderlandsdalen, 7 km nord for Storforshei, i Rana kommune. E6 passerer gjennom grenda.

Næringsgrunnlaget er i hovudsak jordbruk. 4 km nord for munningen til Eiteråga i Ranelva finst Stjernen sølvsmie, som produserer smykke av sølv og edelsteinar og brukskunst.

Elvenamnet kan tyde «den kalde elva», av gammalnorsk eitr, jamfør «eitrande kald». Namnet kan òg vere avleidd av urgermansk *aitra-, «noko som sveller fram».

Elva har utløpet sitt mellom Bomfjellet og Ørtfjellet.

Grenda vart rydda for jordbruk i 1723. Opphavleg var det to gardsbruk i grenda. Sidan 1749 har ho bestått av fire jamstore gardsbruk. Gardane vart regulerte av staten i 1925.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.