Eitt minutt stille-kampanjen under sommar-OL 2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eitt minutt stille-kampanjen under sommar-OL 2012 var ein internasjonal kampanje som vart skipa for å overtale Den internasjonale olympiske komité (IOK) til å halde eitt minutt stille under opninga av sommar-OL 2012 i London for å minne dei israelske idrettsutøvarane som vart drepne i München-massakren under sommar-OL 1972. Kampanjen fekk støtte av mellom anna den amerikanske Kongressen, den amerikanske presidenten Barack Obama, den amerikanske utanriksministeren Hillary Clinton, den amerikanske politikaren Mitt Romney, det italienske parlamentet, det australske parlamentet, det kanadiske parlamentet, det tyske parlamentet, den tyske utanriksministeren Guido Westerwelle og den amerikanske idrettskommentatoren Bob Costas.

IOK avslo oppmodinga om eitt minutt stille under opningsseremonien, men tenestemenn frå IOK heidra ofra på ein seremoni arrangert av den israelske ambassaden og det jødiske samfunnet i London den 6. august 2012, der både IOK-president Jacques Rogge, som var til stades, og IOK sjølv vart utsett for eitt «åtak» frå den israelske idretts- og kulturministeren Limor Livnat og to av enkjene, Ankie Spitzer og Ilana Romana.[1] Ein ny seremoni vart planlagt i Tyskland på årsdagen for åtaket, 5. september på den militære flyplassen i Fürstenfeldbruck.[2][3] Rogge leia òg ein spontan seremoni med eitt minutt stille den 23. juli under ein seremoni som fremja våpenkvile i OL. Dette markerte fyrste gongen at IOK heidra dei israelske ofra i ein seremoni inne i ein olympisk landsby.[4][5][6]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

München-massakren var eit terroriståtak under sommar-OL 1972 i München i Bayern i Vest-Tyskland, der israelske idrettsutøvarar frå den israelske OL-troppen vart tekne til fange, og nokre vart òg skotne og drepne, av den palestinske gruppa Svart september.[7][8][9][10][11] Gruppa drap elleve israelske idrettsutøvarar og trenarar og ein vesttysk politioffiser.

Etter åtaket vart det halde ei minnestund på OL-stadionet, sjølv om dåverande IOK-president Avery Brundage ikkje refererte til utøvarane i talen sin.[12] Seinare har IOK fleire gonger avvist å minne ofra under OL eller halde ei offisiell minnestund.[13]

Forsøk[endre | endre wikiteksten]

Familiane til idrettsutøvarane som vart drepne har sidan massakren prøvd å få eit offisielt minne for dei som vart drepne i massakren, som starta med sommar-OL 1976 i Montreal.

Ankie Spitzer, enkja etter den israelske trenaren Andrei Spitzer, har vore med og leie kampanjen, og har skildra idéen om eitt minutt stille eller ei anna form for markering som «naturleg i våre auge». Spitzer sa:

Men dei sa det til oss med reine ord: «Det er 21 arabiske delegasjonar som vil trekkje seg om me seier noko om dei israelske utøvarane.» Så eg sa: «La dei trekkje seg om dei ikkje kan forstå kva OL handlar om - eit samband mellom menneske gjennom idrett».[13]

Sidan leikane i Montreal har IOK avvist å halde ei minnestund under kvart einaste OL.[13] Ifylgje Spitzer seier IOK at det ikkje er i «protokollen for opningsseremonien at ein skal ha ei minnestund». Spitzer sa då: «Vel, at min ektemann kom heim i ei kiste stod heller ikkje i protokollen. Dette var den svartaste sida i olympisk historie. Desse elleve utøvarane var ein del av OL-familien, og ikkje tilfeldige turistar. Dei bør bli hugsa som ein del av det olympiske rammeverket».[13]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]