Eivind Groven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eivind Groven

Fødd8. oktober 1901
FødestadLårdal
Død8. februar 1977 (75 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Sjangerfolkemusikk, symfonisk musikk, kunstmusikk
Instrumentorgel, seljefløyte, Hardingfele
PlateselskapHeilo
Verka somkomponist, musikkforskar
FarOlav Gøytil
BornAslaug Groven Michaelsen, Tone Groven Holmboe, Dagne Groven Myhren, Gudmund Groven
PrisarKunstnarløn

Eivind Groven (8. oktober 19018. februar 1977) var ein norsk komponist, musikkvitar, spelemann på hardingfele og seljefløyte, folkemusikksamlar og utgjevar som mellom anna er kjend for arbeidet sitt med reinstemte orgel.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ættebakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Eivind Groven vart fødd 8. oktober 1901 i Tokke i Telemark. Det som no er Tokke kommune, var tidlegare Lårdal kommune. Garden Groven ligg oppe i lia, rett ovanfor Gøytilshylen, der elva Tokke svingar utover mot Dalen. Næraste tettstad er Åmot i Ytre Vinje. Eivind Groven var son av bonden og skulelæraren Olav Aasmundsson Gøytil og Aslaug Rikardsdotter Berge, dotter av Rikard Aslaksson Berge. Eivind voks opp på heimegarden som den yngste av fem brør: Aasmund, Rikard, Olav, Sverre og Eivind.

Slekta han kom frå, var svært gåverik, og talde fleire spelemenn og kjende kunstnarar. Ettersom brørne voks til, tok Olav, og etterkvart også Eivind, ved fela, og attåt lærde Eivind seg notar. Han fekk snart eit stor repertoar av slåttar, og tok til å skrive ned slåttar og songmelodiar etter spelemenn og kvedarar i bygdene rundtom. Han skaffa seg eit godt oversyn over slåttespelet i øvre Telemark, og sat med tida inne med eit stort materiale.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Etter ein vinter på folkehøgskule i Kviteseid, byrja han på lærarskulen på Notodden I 1923 tok han eksamen. Han arbeidde som lærar ei stutt tid i ungdomen, men sa frå seg lærarposten i Heddal for å arbeide berre med musikk. Han studerte kontrapunkt med Gustav Lange ved Musikkonservatoriet i hovudstaden i eitt semester, men som komponist er han for det meste sjølvlært. Dei vitskaplege og kompositoriske ideane han ynskte å forfylgje, fanst det ikkje undervisningstilbod i.

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

På lærarskulen møtte han Ragna Hagen, syster av Ingeborg Refling Hagen. Han gifte seg med Ragna i 1925, og flytta til Oslo same året. Våren etter fekk dei det første barnet, Aslaug Johanne, fødd 27. april 1926. Seinare kom Tone Alis, (25. januar] 1930), Dagne (19. september 1940) og Gudmund (9. oktober 1945). Ragna døydde i 1960, og Eivind Groven gifte seg oppatt med Signe Taraldlien frå Fyresdal ved årsskiftet 1961-1962.

Dei siste åra[endre | endre wikiteksten]

Etter 1965 vart Eivind Groven plaga av Parkinsons sjukdom. Dette svekka han med åra, men han arbeidde så lenge han hadde krefter att. Han døydde i februar 1977, og er gravlagd attmed kona Ragna på Tangen Kyrkjegard i Stange kommune. I gravsteinen er det montert eit glasmåleri av kunstnaren Inger Kvarving. Ved Eidsborg Stavkyrkje (Jfr. Vest-Telemark museum) er det reist eit monument over kunstnarbrørne Olav og Eivind Groven laga av Kari Buen. Dei har kvar si hardingfele og er plasserte under ei selje. Den vakre bronsedøra frå 1937 på Oslo domkyrkje er prydd med relieff med motiv frå Bergpreika, laga av Dagfin Werenskiold. Toppfiguren har den unge Eivind Groven som modell. Portrettlikskapen er stor.

Livsverket[endre | endre wikiteksten]

Radiopioneren. Folkemusikkhalvtimen personleg[endre | endre wikiteksten]

Frå 1931 vart Eivind Groven fast tilsett som folkemusikk-konsulent (ikkje full stilling) ved det som snart vart Norsk Rikskringkasting. Han hadde ansvaret for dei faste folkemusikk-sendingane i radio. Denne posten hadde han til 1946, med eit avbrekk under krigen. Han hadde tilsyn med programposten fram til 1950. På 1930-talet sytte han for at det beste opptaksutstyr som var å få vart skaffa til NRK, og la grunnlaget for NRKs, etter kvart, enorme samling av lydfest folkemusikk. Han spela og inn slåttar sjølv, helst slike som ikkje andre nytta, og eigne slåttekomposisjonar. Spelet hans er dokumentert m.a. på ein CD som fylgjer med Årbok for norsk folkemusikk 2001.

Folkemusikkprogrammet som vart kalla 'folkemusikkhalvtimen', var kontroversielt i 1930-åra. Det vekte glede på bygdene og motstand i meir urbane strøk. Det var mykje skriving i pressa for og mot programposten.

Hardingfeleverk og Eskimomusikk[endre | endre wikiteksten]

Slåttane som Groven tok til å skrive ned i ungdomen, og dei han tok opp for NRK, var med å leggje grunnlaget for det store hardingfeleverket i sju band som han var musikalsk redaktør for saman med Arne Bjørndal og Truls Ørpen. Groven fann fram til det systemet verket er redigert etter. Utgjevingdsarbeidet tok til på 1950-talet. På den tida fekk han og i oppdrag av Helge Ingstad å skrive ned eskimomelodiar denne hadde gjort opptak av i Alaska. Resultatet vart boka Eskimomusikken (1955), som - forutan noteoppskrifter - inneheld åtgåingar og refleksjonar kring ein særeigen vokaltradisjon.

Komponist i ulike sjangrar[endre | endre wikiteksten]

Groven komponerte frå han var ein neve stor, hugste motiva seinare og kunne nytte dei i store komposisjonar. Han var eit melodisk oppkome. Han skreiv verk i den klassiske sjangeren, symfoniar og symfoniske dikt, romansar og songar. Han dikta og eit knippe slåttar frå tidleg ungdom av. Den eldste vi kjenner i dag, er I åkeren som han laga da han var 7-8 år gamal. Grovenslåttane er mykje nytta av spelemenn i dag, t.d. Svartufsen,Halling-Jårånn, Brønnslåttenog Sommarmorgon; dei to siste frå 1950-talet. Han skreiv og for to hardingfeler til Myllargutstemnet på Rauland i 1962: Balladetone, Springar og Regnbogen som han urframførte saman med Magne Manheim. Men allereie i 1932 fekk han i stand Hardingefetrioen saman med Alfred Maurstad og Sigbjørn Bernhoft Osa. Som den fyrste arrangerte han hardinfgeleslåttar og folketonar for fleire hardingfeler. Hardingfeletrioen spela jamt i folkemusikkprogramma på 1930-talet.

I lærarskuletida byrja han å skrive romansar, noko han kom til å halde fram med. Etter at han hadde flytta til Hovudstaden, tok han på seg å laga musikk til Hans E. Kincks lyriske skodespel Bryllupet i Genua. Best kjend av denne musikken i dag er fløytekomposisjonen Solstemning som er innspela på plate fleire gonger, og som han utarbeidde sist på 1940-talet ut frå ein av dei tonesette monologane i skodespelet. Han vart oppmoda av ein kjend fløytist som ynskte seg musikk for sitt instrument.

Eivind Groven debuterte som komponiist i 1926 og fekk fine omtaler. Inspirert av diktinga til Ingeborg Refling Hagen laga han eit stort klaververk Marihand etter ein roman av same namn. Verket var urframført i 1928. Marihand er eit rikt verk og har vore karakterisert som visjonært. På grunnlag av delar av dette verket, laga Groven ein klaverkonsert i A-dur, som vart urframført i Bergen i 1950 med Rolf Holger som solist. Dirigent var Olav Kielland.

Sist på 1920-talet tok han og til med det store symfoniske diktet Brudgommen for solistar, kor og orkester, inspirert av ein annan roman av Ingeborg Refling Hagen. Brudgommen vart framført i 1933 og vekte mykje åtgaum. Verket fekk fire framføringar på ettervinteren, og til sist blei det overført i radio. Då hadde Groven for alvor slått seg fast som komponist. I desember same året blei Mot ballade for kor og orkester framført fyrste gong, og pressa var einstemmig positiv. Kronprinsparet sende gratulasjonstelegram. Teksta er ei vise med bergtakingsmotiv, henta frå Hans E. Kincks novelle av same namn. I båe desse komposisjonane nyttar Groven ut rytmar og harmoniske idear frå samklangane i hardingfela. Mot ballade var lenge det Groven-verket som var mest framført. Sist på 1930-talet blei det kringkasta til 30 land. I 1935 kom det store symfoniske diktet Renessanse, det og inspirert av ei novelle av Kinck. Novella skildrar ein kunstnartragedie. Hovudpersonen er ein gåverik bygdekunstnar som svik det djupaste i seg sjølv i møte med klassisk kunst og vert epigon. Då det går opp for han, let han seg brenne inne saman med kunstverka sine. Det einaste som vert redda, er fyrste utkastet til det fyrste arbeidet, der han var heilt seg sjølv. Det ållmenngyldige i denne soga inspirerte Groven til musikk. Historiske syner i tre satsar er frå om lag same tid. Symfoni nr 1 - skriven til ein konkurranse utlyst av NRK med motto Innover viddene låg føre i 1937. Den vart send i radio. I konsertsalen vart symfonien urframført ti år seinare med suksess - i New York. Men Groven tok for seg den svære symfonien på nytt og omarbeidde han. Han tok ut ein springar-del og ein gangar-del av eiga oppfinning, og utvikla det materialet som var att til den symfonien vi kjenner i dag. Det han tok ut, blei til Symfoniske slåttar nr. 1. Symfonien opnar med det kjende temaet som blei til kjenningssignal for NRK i ei årrekkje.

I 1939 tok han til med andre symfoni som han arbeidde med parallelt med at han sleit med reinstemmingsautomaten. (Sjå nedanfor.) Verket som fekk undertittelen «Midnattstimen», var ferdig i 1943, men fyrst oppført etter krigen i Trondheim med Olav Kielland som dirigent. Komposisjonen vart motteken med ovasjonar, og komponisten fekk fakkeltog. Symfonien vart oppfatta som ein sigerssymfoni av somme kritikarar. Undertittelen kan tyde på at det kan vera ei rett tolking. Den sorgtunge midtsatsen vert avløyst av ein løfterik sistesats, som kjennest som eit daggry etter ei mørk natt.

Den mest spela komposisjonen av Eivind Groven i dag, er ouverturen Hjalarljod, skriven til ein konkurranse utlyst i samband med opninga av det nye rådhuset i hovudstaden og feiringa av Oslos 900-årsjubileum i 1950. Hjalarljod er eitt av dei norske instrumentalverka frå 1900-talet som vert framført oftast i inn- og utland.

Klaverkonserten (som er nemnd ovenfor) og Midnattstimen er spela inn på CD i seinare tid med Trondheim symfoniorkester under Ole Kristian Ruud. Wolfgang Plagge er solist i Klaverkonserten. I 2007 kom CD-en Towards the Mountains, som inneheld Hjalarljod, Symfoni nr. 1, Symfoniske slåttar nr 1 og Symfoniske slåttar nr 2, Faldafeykir.[1]

På 50-talet skreiv Groven kantaten Soga om ein by til tekst av Halvor Sandsdalen. Verket var oppført posthumt ved 100-årsmarkeringa for Groven i 2001. Korverket over folkevisa «Olav Liljukrans» er frå 1958.

I 1962 hadde Groven fullført eit verk for den sjeldsynte kombinasjonen kor og hardingfele bygt over bergtakingsvisa Margjit Hjukse. Her skifter det mellom to hardingfeler som er ulikt stemde. På dei fyrste framføringane spela komponisten sjølv hardingfelepartiet, m.a. på Festspela i Bergen i 1964 og under Nordiske musikkdagar i Finland same året der det fekk glimrande omtaler. Verket er høgt verdsett og framført mange gonger både i Noreg og utanlands med ulike hardingfelesolistar. Forutan Groven sjølv kan ein t.d. nemne Sven Nyhus, Håkon Høgemo, Håkon Asheim og Einar Mjølsnes. Komposisjonen er innspela på CD fleire gonger. Mjølsnes spelar på samleplata Frå ottesong til elveleik som inneheld 16 korsongar av Eivind Groven. Bergen domkantori syng under leiing av Magnar Mangersnes. Tekstforfattarane er Henrik Wergeland, Per Sivle, Ingeborg Refling Hagen, Hilda Hagen, Ivar Aasen, Jørund Telnes og Arnulf Øverland, og anonyme diktarar (av folkeviser).

Eit anna sentralt grovenverk frå dei seinare åra er Draumkvæe for kor, solist og orkester. Groven nyttar tre overleverte melodiar til denne folkevisa med visjonsmotiv som er funne i Vest-Telemark. Men han har og laga ei mengd nytt melodistoff i same stil. Verket låg føre i 1963 og vart urframført i Bergen i 1965 med den unge Olav Ryan som tenorsolist. Karsten Andersen dirigerte. Draumkvæe er innspela på Lp og CD i London med engelsk kor og orkester. Koret syng på norsk. Grovens Draumkvæe har og vore framført med hell som ballett. Kari Wang laga dansen.

Seljefløyte og harpeleik, temperering og reinstemming[endre | endre wikiteksten]

Frå heimetradisjonen kjende Groven god til seljefløyta. Gutane på Groven laga seg lange borkfløyter som dei kunne spela slåttar og melodistubbar på kvar vår når selja gjekk. Eivind skulle koma til å gjera mykje for å gjera dette instrumentet ållment kjend, ikkje minst gjennom radio og TV.

Eivind Grovens fekk skjerpt interesse for seljefløytskalaen eller naturskalaen då han var 13 år gamal og skulle stemme ein harpeleik. Han fylgde instruksjonen, men det blei støtt gale. Han spurde alle han trefte som kunne tenkjast å vita noko om stemming, og fekk til slutt greie på at ein ikkje kunne stemme instrument med fastlagde tonehøgder, t.d. eit orgel, heilt reint. Dette vart ein nykel til vidare refleksjonar. Han hadde oppdaga problemet med temperering og reinstemming. Enkelt sagt: i spenningsfeltet mellom harpeleiken på den eine sida og seljefløyta på den hi voks medvetet hans om skalasystem og stemmingsproblem fram. Groven skjøna at reinleik og fritt val til å modulere til alle toneartar ikkje let seg kombinere om ein berre hadde tilgang til 12 tonehøgder som på eit orgel eller eit piano.

I 1920-åra, med han gjekk på lærarskulen, vitja han jamt syskenbarnet sitt, folkekulturhistorikaren og konservatoren Rikard Berge ved Brekke museum i Skien. Her fekk han høve til å gå igjennom vitskapeleg musikklitteratur og nedskrifter av folkemusikk. Delvis på dette grunnlaget, og på grunnlag av kunnskapen om seljefløyta, skreiv han avhandlinga Naturskalaen, som var den fyrste vitskaplege frukta av interessa for reinstemming. Den kom ut på Norsk Folkekulturs forlag i Skien i 1927, eit spesialstudium av seljefløyta som kom ut att på nytt meir enn 70 år seinare. Arbeidet peikar både fram mot reinstemmingautomaten - og mot den renessansen for seljefløyta vi har sett i seinare år, og som m.a. fløytisten Steinar Ofsdal er eksponent for.

Frå før siste krig var Groven oppteken av å setja ideane om reinstemming ut i praksis. Han såg på den likesvevande 12-tempereringa som eit dårleg kompromiss og fekk bygd eit orgel med 36 tonar i oktaven og med mekanisk omskjalting, slik at han kunne velje dei tonane som gav reine samklangar. Dette stod ferdig i 1936 og vart nytta i folkemusikksendingar.

I 1939 tok han til å eksperimentere med å laga ein reinstemmingsautomat som kunne avlaste utøvaren, og "stemme om" instrumentet automatisk medan han spela, slik at det skulle bli mogeleg å spela reint i alle toneartar. Automaten kravde kompliserte utrekningar og tekniske løysingar som han måtte finne fram til på eiga hand. Den fyrste automaten bygde han av relee som han fekk frå Elektrisk byrå. Den stod ferdig i 1944. Harmoniet som no var knytt til reinsetmmingsautomaten, vart demonstrert i radio etter krigen. Då han hadde funne opp reinstemmingsautomaten, skreiv han avhandlinga Temperering og renstemning (1948). Avhandlinga vart godkjend for doktorgraden, men Groven kom ikkje til å ta graden då han ikkje hadde eksamen Artium. I 1968 gav han ut nok eit sentralt arbeid: Renstemnningsautomaten. Her gjorde han greie for dei tekniske løysingane han hadde kome fram til.

Eit pipeorgel på ei stemme fekk han bygt av Jørgensens orgelfabrikk. Til dette laga Groven nok ein gong med eigne hender ein automat, også denne gongen med utrangerte relee som han fyrst måtte trimme. Pipeorgelet stod ferdig i 1953 i Trefoldighetskirken i Oslo. Det var her Albert Schweitzer spela på det i 1954. Seinare vart orgelet fytta til Fagerborg Kyrkje. I 1971 fekk han reist eit eige hus for orgela, som det med tida vart tre av, i heimen sin på Ekeberg. Huset vert kalla Orgelhuset eller Ekebergkatedralen. Her står no og pipeorgelet.

Automaten har vore gjennom fleire transformasjonar. Dei to fyrste versjonane nytta releeteknologi. Så vart eletronrøyret teke i bruk. No er automaten transformert til datateknologi. Den sentrale personen her er David Løberg Code ved Michigan University, USA. Jfr. og NOTAM som har arbeidt vidare med problemet i Noreg i samarbeid med Code og Eivind Grovens institutt for reinstemming, Orgelhuset. Grovenautomaten er no lagt ut på internet.[2]

På eit reinstemt instrument kan ein og få fram gamalvorne tonetrinn som finst i folkemusikken. Groven skreiv orgelverk og folketonearrangement der han nytta folketoneskalaer. Jfr. mikrotonalitet.

Musikalsk ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Eivind Groven var ein allsidig komponist og vitskapsmann som under stor motstand braut sin eigen veg. Det er sterk indre samanheng i alt han tok seg føre. Kunsten gav inspirasjon til vitskapen, og vitskapen til kunsten. Hans etter kvart store kunnskapar om akustikk hadde t.d. mykje å seia, også for dei val han tok som komponist.

Som komponist var han ein av dei mest originale Noreg har fostra. Mykje av det folk trur er folkemusikklån, er hans eige stoff. Han er den fyrste, og til no den einaste, norske komponisten som meistra både hardingfela og symfoniorkesteret. Han kjende folkemusikken innanfrå og var i stand til å nytte ut tonale, rytmiske og strukturelle element frå folkemusikken på ein måte som ingen annan før han. Han er i samsvar med vår tid når han kjem fram til ein særeigen metamorfoseteknikk ved å vidareutvikle formprinsippa i den asymmetriske hardingfelslåtten. Dette blei ikkje alltid skjøna med han levde. (Jfr. Norges musikkhistorie b. 4 der dr. philos. Anne Jorunn Kydland Lysdahl m.a.karakteriserer Grovens teknikk.)

Komponisten Wolfgang Plagge har kasta lys over Klangkunstneren Eivind Groven (Jfr. Årbok for norsk folkemusikk 2002 og teksthefte til CD-en Towards the mountains). Han uttrykkjer seg på denne måten, her stitert frå tekstheftet: «Som komponist var han bortimor selvlært, og som felespiller en legende.» Og vidare: «Groven fann fram til en genial måte å kombinere folkemusikkens klangbilde og den symfoniske musikkens mangestemmighet på." Plagge avsluttar med å seia at Groven var eit «musikalsk og kompositorisk geni som innså hvor han måtte lete for å finne bindeleddet mellom ur-musikken og kunsten, og som lyktes i å finne det.»

Avhandlingar og publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

    • Groven, Eivind 1927, Naturskalaen utg. Norsk Folkekulturs forlag, Skien
    • Groven Eivind 1948, Temperering og renstemning Dreyer, Oslo (finst også omsett til engelsk og tysk)
    • Groven Eivind 1955, Eskimomusikken
    • Groven, Eivind 1968, Renstemningsautomaten, Universitetsforlaget, Oslo
    • Red. Gurvin, Olav (band 1-6) og red. Sevåg, Reidar (band 7) 1958-81, Norsk folkemusikk. Hardingfeleslåttar nedteikna av Arne Bjørndal, Eivind Groven, Truls Ørpen. I band 7 også Sven Nyhus

Sjå elles Groven-bibliografien ved Øyvind Nordheim i Årbok for norsk folkemusikk 2001.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1925
    • «Tøvær», romanse (tekst: H. Underberget). Song/klaver
    • «Natt», romanse (tekst: H. Underberget). Song/klaver
  • 1926
    • Romansene fra skuespillet «Bryllupet i Genua» av Hans E. Kinck:
    • «Den Olme Hjort», Song/klaver.
    • «Rorpinden», Song/klaver.
    • «1. og 2. Aurikelsang», song/klaver.
    • «Mot nord», song/klaver
    • «Gulfardo», song/klaver
    • «Veronicas bøn», song/klaver, skriven ut for orkester i 1934.
    • «Moen», frå romanen «Sus» av Hans E. Kinck, song/klaver, skriven ut for orkester i 1934.
    • «Du må lyse», frå romanen "«Præsten»" av Hans E. Kinck, song/klaver.
    • «Balladen om Toscanaland», romanse, frå skodespelet «Agilulf den vise» av Hans E. Kinck, song/klaver.
    • «Å, så rødblond» romanse, frå skodespelet «Driftekaren» av Hans E. Kinck, song/klaver
  • 1928
    • «Hun var bare 16», romanse, frå skodespelet "Driftekarein" av Hans E. Kinck, song/klaver.
    • «Jeg vil va`», fra romanen "Dr. Gabriel Jahr" av Hans E. Kinck, song/klaver. Sett ut for orkester i 1948 under tittelen "Skumhvirvler".
    • «Marihand», klaververk, bygd på novella med same namn av Ingeborg Refling Hagen.
  • 1929
    • «Fjellvind», romanse, song/klaver.
    • «Vårnatt» (ikkje fullført), frå "Driftekarein". Song.
    • «Neslandskyrkja», tekst av M.B. Landstad. Song/klaver.
    • «Men en kveld», Romanse, frå "Driftekarein". Song/klaver.
    • «Mot vår», klaverstykke, melodi originalt fra 1917. Orkestrert 1947.
    • «Mai», klaverstykke, ork. 1947
    • «September», klaverstykke, ork. 1947.
  • 1930
    • «Moderens Korstegn», romanse, tekst av Henrik Wergeland, ork. 1942. song/klaver.
    • «På Hospitalet om Natten», romanse, tekst av Henrik Wergeland, ork. 1942. Korsats 1952. song/klaver.
    • «Annen nat på Hospitalet», romanse, tekst av Henrik Wergeland. song/klaver.
    • «Sommerfuglen», romanse, tekst av Henrik Wergeland. Song/klaver.
  • 1931
    • «På Heksmo», mannskorsats. Tekst av Ingeborg Refling Hagen.
    • S«vartfuglen», romanse, tekst av Theodor Dahl. song/klaver.
  • 1932
    • «Mulig forveksling», romanse, tekst av Henrik Wergeland. Song/klaver.
    • «Til Sylvan», mannskor, blandakorutsetning i 1973. Tekst av Henrik Wergeland.
    • «Stenen i Stefanens panne», blandakorsats. Tekst av Henrik Wergeland.
  • 1933
    • «Brudgommen», solistar, kor og orkester. Etter novelle av Ingeborg Refling Hagen.
    • «Mot ballade», kor og orkester. Etter Novelle av Hans E. Kinck.
  • 1934
    • «Præriekonens Bånsull», damekor, sett ut for song og klaver 1965. Tekst av Ingeborg Refling Hagen.
    • «På Sykeleiet», romanse, tekst av Henrik Wergeland. Song/klaver.
    • Serenade fra skodespelet "Venetianerne", romanse, tekst av Henrik Wergeland. Song/klaver.
    • «Gyldenlak», romanse, tekst av Henrik Wergeland. Song/klaver.
  • 1935
    • «Renessanse», symfonisk dikt i seks satsar, etter novelle med same namn av Hans E. Kinck.
    • Utdraget «Lengsel og Dåd» for to klaver. Utdraget "Capriccio" for klaver utarbeidd 1956.
  • 1936
    • «Historiske Syner», tonedikt i tre satsar. Også sett ut for to klaver.
  • 1938
    • 1. symfoni, «Innover Viddene», inspirert av "Driftekaren", omarbeidd i 1951.
    • «Fjelltonar», tonedikt over folkemusikkstoff.
  • 1939
    • "Bryllup i skogen", lite orkester. Folkemusikkstoff
    • «Beppos sang», fra "Agilulf den vise" av Hans E. Kinck. Song/klaver.
    • «Huldrelåt», lite orkester, folketonestoff.
  • 1942
    • «Allehelgens dag», damekor. tekst: Ragna Groven.
  • 1945
    • «Naturens tempel», kor og orkester, tekst av Ragna Groven. Også for kor og klaver og for orgelsolo med tittelen «På hellig Grunn».
  • 1946
    • Ivar Aasen-suite. Tekstar av Ivar Aasen. Kor og orkester.
      • Separat:
      • «Den tyngste sorg og møda», blandakor
      • «Takk vere Gud», blandakor
      • «Hugen», blandakor
      • «Dei gamle fjelli», klaver
      • «Dei vil alltid klaga og kyta», klaver.
    • 2. Symfoni, «Midnattstimen». Stort orkester.
    • «Så høy en himmel», romanse, tekst av Arne Paasche Aasen, song/klaver.
  • 1948
    • «Solstemning», fløyte/klaver. Også for fløyte og orkester.
  • 1950
    • «Hjalarljod», ouverture for orkester.
    • Klaverkonsert, med stoff frå "Marihand". Utdrag: "Laling og sull" for fløyte og klaver.
  • 1954
    • "Fantasi over religiøs folketone" nedskriven etter mora, Aslaug R. Groven, Orgel.
  • 1955
    • «Jotunheimen», orkesterstykke bygt over en melodi av Olav Sande til ei tekst av Aasmund Olavsson Vinje
    • Guro rid til ottesong, blanda kor, tekst av Jørund Telnes.
  • 1956
    • Symfoniske slåttar 1, Bureslått, springar og gangar (eige stoff) Springarein herfra sat ut for to hardingfeler i 1962.
  • 1958
    • «Nyperoser», romanse, tekst av Arne Paasche Aasen song/klaver
    • «Forventning», lite orkester.
    • «Olav Liljukrans», solistar og kor. Over mellomalderballaden
  • 1959
    • «Barnets Åsyn», damekor (finst og for blandakor), tekst av Henrik Wergeland.
  • 1961
    • «Hymne» for orgel
    • «Bruremarsj»
  • 1962
    • «Balladetone», for to hardingfeler. Også for Reinstemt Orgel.
    • Springar frå symfoniske slåttar 1, for to hardingfeler
    • «Regnbogen», for to hardingfeler.
    • «Margit Hjukse», kor, solistar og hardingfeler, over mellomalderballaden av same namn.
  • 1963 (uroppført 1965)
    • «Draumkvæe», solistar, kor og orkester, over mellomalderballaden, men utarbeidd med svært mykje eige musikalsk materiale.
  • 1965 (uroppf. 1967)
    • «Faldafeykir», symfoniske slåttar 2, Springar, gangar og halling. Stort orkester. Dels folkemusikkstoff.
  • 1968
    • «Tinnemannen», reinstemt orgel.

19??

    • «Mikas monolog», bl. kor. Tekst: Henrik Wergeland

19??

    • «Vårt Telemork», song til tekst av Halvord Sandsdalen, trykt i eit skrift om Harald Kihle.

Elles:

Slåttar av Eivind Groven.

Dessuten ei rekke arrangement av folketonar, bl.a. for kvedar og reinstemt orgel, eller seljefløyte og reinstemt orgel.[3]

Litteratur om Eivind Groven[endre | endre wikiteksten]

    • Olav Fjalestad, red. 1971, "Eivind Groven, Heidersskrift" Noregs boklag, Oslo
    • Kydland Lysdahl, Anne Jorunn 2000: "Eivind Groven - tradisjonsbærer og fornyer" i Norges musikkhistorie 1914-1950, band 4 s. 107-116. red. Vollsnes, Holen og Kleiberg 2000, Aschehoug. I same band sjå og Ståle Kleiberg: "Polemikken om det norske i musikken" s. 125-128
    • Artiklar i "Årbok for norsk folkemusikk" (Mest heile boka handlar om Groven), red. Tore Skaug
    • Plagge, Wolfgang: "Klangkunstneren Eivind Groven" i Årbok for norsk folkemusikk 2002, red. Tore Skaug,
    • Michaelsen, Aslaug Groven gjev mange nærportrett av faren i minnebøkene: "Atta i kunstnerhuset 1988, "Fakkelen" 1990, "Den gyngende bro" 1993, "Pegasus på vårslepp" 2000, "Skjebneår" 2002, "Ild igjen" 2004
  • Ingrid Loe Dalaker 2011, Nostalgi eller nyskaping : Nasjonale spor i norsk musikk : Brustad, Egge og Groven
  • Dalaker, Kydland, Lopatowska-Romsvik(eds): "East of noise", Eivind Groven :Composer, ethnomusicologist,researcher. (2013)

LP-plater[endre | endre wikiteksten]

Dobbeltalbum som inneheld:

    • Margit Hjukse m. Det norske solistkor og Groven på hardingfele, songsolistar: Elsa Nilsen,Olav Moen og Asbjørn Hansli, dir. Knut Nystedt
    • Brudgommen, Filharmonisk selskaps orkester. Det norske solistkor, solistar: Olav Ryan (tenor), Elsa Nedberg (alt), Ragna Høst Skjerven (sopran) og Marit Isene (mezzosopran). Dir. Øyvind Fjeldststad (Philips 631 094 AL)

Einskildalbum:

    • Mot ballade, Filharmonisk selskaps orkester og Akademisk korforening, dir. Arnulv Hegstad. Plata inneheld og
    • Cappriccio for klaver m,. Jens Harald Brattlie
    • Solstemning, Per Øien, fløyte, Kåre Ørnung,klaver
    • Romansar med tekster av Wergeland og Kinck, solistar Åse Normo Løvberg og Gunstein Draugedalen. Tonefylgje, Robert Levin (Philips 6507 045, utg. 1975))
    • Med hardingfele og seljefløyte på gamle og nye vegar Eivind Groven spelar. Dagne Groven Myhren medverkar med song på to kutt. (Heilo)

CD-plater[endre | endre wikiteksten]

    • Som symra rein og blå Eivind Grovens reinstemde orgel. Medverkande: På orgel: Kåre Nordstoga, Sigvart Fotland og Eivind Groven. Song: Knut Askje og Dagne Groven Myhren, tussefløyte og seljefløyte: Steinar Ofsdal. (Heilo/Grappa)
    • "Eivind Groven" Inneheld:
    • Hjalarljod, The Royal Philharmonic Orghestra, dir Per Dreier
    • Draumkvædet, Royal Philharmonic Orchestra og The Brighton Festival Chorus, tenor: Kåre Bjørkøy. Dir. Per Dreier (Aurora NCDB 1956
    • Klaverkonserten, Trondheim symfoniorkester dir. Ole Christian Ruud, Wolfgang Plagge, klaver
    • Symfoni nr 2, Midnattstimen, Trondheim symfoniorkester, dir. Ole Chr. Ruud (Naxos)
    • "Frå ottesong til elveleik" med Bergen domkantori, dir. Magnar Mangersnes. Inneheld 16 korsongar. Hardingfele: Einar Mjølsnes i Margjit Hjukse Bergen digital (2006)
    • Towards the Mountains (2007), Stavanger symfoniorkester, dir. Eivind Aadland:
    • Hjalarljod
    • Symfoni nr. 1, «Innover viddene»
    • Symfoniske slåttar nr. 1
    • Faldafeykir, symfoniske slåttar nr 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]