Eivind Osnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eivind Osnes
Fødd11. mai 1938
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Academia Europaea

Eivind Osnes (fødd 11. mai 1938) er ein norsk fysikar. Osnes er professor i kjernefysikk og var instituttleiar ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo fram til år 2009.

Osnes er dr. philos. frå UiO i 1966, og disputerte med avhandlinga «Shell model calculations in calcium isotopes». Etter å ha vore postdoc ved blant anna Nordisk Institut for Teoretisk Atomfysik i UiO og State University of New York vart Osnes dosent ved Universitetet i Oslo i 1977, før han vart professor i 1985. Osnes har gjeve viktige bidrag innanfor teoretisk kjernefysikk, særleg til forståinga av strukturen til atomkjernen.

Osnes var formann i Det norske lutherske Indremisjonsselskap i perioden 1992-2000. Han var leiar for leiar for Teknologirådet frå 1999 til 2007, president i Norsk Fysisk Selskap frå 1979 til 1990, og har òg sete i styret i Det Norske Videnskaps-Akademi og i ei lang rekkje andre andre styre og utval. I 2001 var han kandidat i rektorvalet ved UiO.

I 2008 fekk Osnes Kongens fortenestmedalje i gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]