Eivind Reiten
Eivind Kristofer Reiten (fødd 2. april 1953 i Midsund i Møre og Romsdal) er ein norsk politikar frå Senterpartiet og næringslivsleiar.
Reiten har hatt ei rad politiske verv og var mellom anna statssekretær og statsråd i fiskeridepartementet (fiskeriminister) på midten av 1980-talet. Han arbeidde deretter ei tid i Norsk Hydro før han returnerte til politikken i åra 1989–1990. Han var då statsråd i olje- og energidepartementet (olje- og energiminister) og hadde ansvaret for liberaliseringa av den norske energimarknaden.
Reiten gjekk attende til Hydro i 1991, og blei generaldirektør i 2001. Han slutta i stillinga 30. mars 2009, og Svein Richard Brandtzæg tok over. Samtidig tok Reiten til som styreleiar i industriselskapet Norske Skog.
Som konsernsjef i Hydro har delte han selskapet i tre. Det som tidlegare var gjødseldivisjonen er no det sjølvstendige selskapet Yara, den tidlegare olje- og gassdivisjonen vart seld til Statoil (StatoilHydro), medan hovudverksemda i Hydro no er aluminiumsproduksjon.
Reiten var frå 1. til 4. oktober 2007 styreleiar for oljeselskapet StatoilHydro. Han gjekk av etter mistankar om at olje- og gassdivisjonen i Hydro hadde vore involvert i korrupsjon i Libya på byrjinga av tiåret. Hydro hadde ikkje rapportert om denne hendinga under fusjonsforhandlingane med Statoil, som då med ein gong sette i gang undersøkingar då saka kom opp.
Eivind Reiten er utdanna sosialøkonom frå Universitetet i Oslo. Han er gift og har to barn.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Fusjonskameraten portrettintervju på http://www.dagbladet.no
| Norske fiskeri- og kystministrar | |
|---|---|
| Reidar Carlsen (1946–51) · Peder Holt (1951–55) · Nils Lysø (1955–63) · Onar Onarheim (1963) · Magnus Andersen (1963–65) · Oddmund Myklebust (1965–68) · Einar Hole Moxnes (1968–71) · Knut Hoem (1971–72) · Magnus Andersen (1972) · Trygve Olsen (1972–73) · Eivind Bolle (1973–81) · Thor Listau (1981–85) · Eivind Reiten (1985–86) · Bjarne Mørk-Eidem (1986–89) · Svein Munkejord (1989–90) · Oddrunn Pettersen (1990–92) · Jan Henry T. Olsen (1992–96) · Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (1996–97) · Peter Angelsen (1997–2000) · Lars Peder Brekk (2000) · Otto Gregussen (2000–01) · Svein Ludvigsen (2001–05) · Helga Pedersen (2005–2009) · Lisbeth Berg-Hansen (2009–) |