Eivindvik
| Plassering | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Gulen i Sogn og Fjordane | ||
| Geografi |
|
|
| Folketal[1] | 246 (2011) | |
| Folketettleik | 572,1 /km² | |
| Areal[1] | 0,43 km² | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | Fv7 til 57 | |
| Postnummer | 5966 EIVINDVIK | |
Eivindvik er administrasjonsstad for Gulen kommune i Sogn og Fjordane fylke. Eivindvik ligg på fastlandet i Prestesundet nord om øya Fonna. Eivindvik er ein av to tettstader i Gulen kommune. Tettstaden har 246 innbyggjarar (2011) innbyggjarar, og ligg på nordsida av Gulafjorden. Fv7 går gjennom staden og gjev samband til Fylkesveg 57 (tidlegare Riksveg 57).
Innhaldsliste |
[endre] Namnet
Prestegarden i Gulen har vore kalla Eivindvik i det minste frå 1329. I Diploma Norwegicus IV er det skrive om «ecclesia de Æyvinddarviik» eller kyrkja i Eivindvik.[2] Namnet på garden før den blei prestegard er ikkje kjent, men ein trur at det kan ha vore Haugr eller Haugar. [3] I kristen tid har det så vore eit namnebyte, muligvis etter at den fyrste presten busette seg her. Korleis denne storgarden blei prestegard er ikkje kjent.[4]
I Gulen bygdebok, utgjeven i 1973, skriv Ivar Kleiva at det hender at eldre folk uttaler namnet «øi'nnjevik». Ei liknande notering finn ein i ei utgåve av «Budstikken» frå 1824, der prost Dahl skriv at han har høyrd at namnet er «Ønevig» eller «Eyarvig». Dahl skriv blant anna: «Virkelig udtales det ogsaa af Almuen Ønevig, og ikke Evindvig».[5]
Skrivemåtane har variert mykje: Øyuindarviik, Øyfindarvik, Æyvindarviik, Ewyndeveyck, Evendvijg, Evindvig, Evenvik, Eivinvik og Eivindvik. Edvindvik skal også ha vore brukt på eit gamalt kart.
Noen påstår at namnet kan ha utvikla seg frå Eidvin, som visst nok skulle bety «sletta der de gjorde eden». E. Bjordø, som har skrive mykje om kyrkja og plassen elles, omset Eidvin til Tingvoll. I ein artikkel i «Syn og Segn» frå desember 1917 skriv Albert Joleik også dette. Her nemner han også namneformene «Øyuindarviik, Øyfindarvik, Æyvindarviik, Ewyndeveyck, Evendvijg, Evindvig, Evenvik, Eivinvik og Eivindvik. Edvindvik skal også forekomme på et gammelt kart». Han legg til at namneforma Eivinvik er meir eller mindre i samsvar med det som var normal uttale da (1917), «ingen segjer namnet med d, utan naar dei les». Vidare legg han til at «Ei(d)vinvik» motsvarer «Tingvoll-vaag».[5]
Ei anna moglegheit er at plassen har fått namnet av ein kjend person, som Eivind, Øyvind eller liknande. Dersom dette skulle vera tilfelle vil nok somme meine at plassen har hatt eit anna namn tidligare.[5]
[endre] Historie
Eivindvik var frå fyrst av ein storgard og rekte frå Dingja til Flolid. Etterkvart vart han oppdelt og er nå delt på 165 bruksnummer.[6] Garden kan ha vore prestegard frå 1327, moglegvis lenge før. Det er mogleg at den fyrste kristne presten i Gulen var busett her. Dei første kyrkjene vart vanligvis reist på dei største og finaste gardane i kyrkjesoknet.[7]
Det er ikkje mange funn på garden, men det er funnet tre handteinshjul i ein gravhaug på prestegarden, ei trinnøks i fjæra, ei kvinnegrav frå yngre jernalder, eit par flintfunn, ei klebergryte frå yngre jernalder og ein del andre gjenstandar.[8]
Etter 1800 er det vorte hevda at tingstaden for Gulatinget i det minste for ein periode var på prestegarden i Eivindvik, men dette er ikkje bekrefta.[9]
Kristian 5. besøkte Eivindvik i 1685, Ulrik Fredrik Gyldenløve i 1695 og Fredrik 4. i 1704.[10] I 1936 vart staden besøkt av Håkon VII.
Henrik Wergeland besøkte Eivindvik i juni 1832 og etter besøket skreiv han diktet «Eivindvig».
Ned med Seilet! Ind fra havet!
Ind hvor, under Sæd begravet.
Drømmer stille Eivindvig!
Ind at see, om Rug og Havre
tør paa Fjeldets Branter klave
uden at forkjøle sig!
Der bag Roser Maagen bygger
Rugen i Morellens Skygger
triner kjæk og kront paa Myr
Som et Solakin Bygget blinker
men derover Heien synker
lummer Vellungmat fra Fyrr «Eivindvig»
[endre] Eivindvik prestegard
Det er ikkje kjend kven som budde på prestegarden før reformasjonen. Prestegarden var heller ikkje matrikulert og skattlagt.
Soknepresten i Eivindvik hadde ikkje bare den store embetsgarden. I tillegg hadde han såkalla benefisert gods på mange gardar og gardpartar rundt omkring i det store prestegjeldet. Han bygsla også bort ein del jord. Til dette kom nokre gardar i Solund, Brekke og Bø sokn. Ein har ikkje namn på dei lutherske prestane i Eivindvik før i 1556. I åra 1556–64 er det nemnt ein Niels eller Nicolaus Jørgensson frå Fyn i Danmark.
I åra 1705–26 var Nikolai Stabel sokneprest i Eivindvik. I 1724 kjøpte han kyrkja i Eivindvik med eigendommar og inntekter. Kyrkjekjøparen forplikta seg til å halde kyrkja i skikkelig stand og halde den med nødvendig utstyr som brød og vin til altertenesta, reinhald og messebøker. Den gamle kyrkja var truleg bygd rundt 1600. Men det var dyrt å ha ei kyrkje og den blei dårlig vedlikehalden.
1734–69 var Thomas Sommer sokneprest i Gulen. I hans tid vart det bygd noen nye hus på prestegarden. I 1754 kjøpte han kyrkja av Matias Stabel som hadde arva kyrkja etter far sin. Thomas enke Ingeborg Stoltenberg kom i gjeld og måtte selje ei rekke eigedommar. Kyrkja blei seld til sokneprest i Fana Iver Munthe Daae i 1809.[11]
[endre] Prost Dahl
Ein viktig person i historia til Eivindvik er prosten Niels Griis Alstrup Dahl (1778—1852).
Dahl gjorde eit stort arbeid på prestegarden i Eivindvik. Han gjorde mykje dreneringsarbeid og prøvde ut nye plantesortar. I tillegg bygde han eit to kilometer langt steingjerde rundt markene. Dette gjerdet står framleis. I 1819 fikk han bygd den staslege prestegarden i Eivindvik. Han bygde også «Heradsalen» som var kommunehus i Gulen og nå vert brukt til bibliotek. Mot sjøen bygde han ei kai som går under namnet «prestekaia» og vidare ei forseggjord trapp til kyrkja. Han bygde også eit hus som skulle tene som mal for bøndenes hus. Dette blei seinare den fyrste faste skolen i Ytre Sogn. I 1829 oppretta Dahl Gulen folkeboksamling som ei av dei fyrste i landet. Boksamlinga fikk 134 av hans eigne bøker og nokon og tjuge frå bispearkivet.[12] Det er reist ei minnestøtte over Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik. Støtta er laget av Elisabeth Steen.
[endre] Ny kyrkje
Sokneprest Arnold Meyer 1857–77 klaga på kyrkja, først og fremst fordi ho var for lita. I nokre år drøfta han kyrkjeutviding med eigaren prostinne Daae i Fana, men ho nekta å gjere dette. I 1859 skreiv derfor Meyer til prostinne Daae og medeigarane og spurde om dei kunne få kjøpe kyrkja attende. I 1860 fikk dei det. I nokre år blei det deretter diskutert om ein skulle utvide kyrkja eller bygge ei ny. 16. april 1863 vedtok ein at det skulle byggjast ny kyrkje og teikningane til vart godkjende. Året etter vart den gamle kyrkja riven og det vart halde auksjon på «gamlekyrkja» med innbu. Den nye kyrkja vart overteken 28. august 1864.[13]
[endre] Matrikkel
Da matrikkelen skulle lagast i 1868, vart garden skildra. Garden låg nær sjøen, men den var tungdriven og hadde verken fiske eller fiskerett. Jorda var spreidde, og garden hadde sju husmannsplassar.[14]
[endre] 1900-talet
På 1900-talet vart det vanlig at prestegarden vart pakta bort.
I åra 1957–64 var Johannes Sivertsson Holten sokneprest i Gulen. I hans tid kjøpte Gulen kommune størstedelen av prestegarden. Mykje av det kommunen kjøpte vart brukt til tomter. I 1967 blei den store uthusbygningen på garden riven og det vart også paktarbustaden. Nokre år før var store delar av den beste bøen vorte fråskilt og brukt til utviding av kyrkjegarden. Det meste av skogen er framleis statens eigedom.[15]
Det vart bygd ein ny kommunal prestebustad på Kyrkjeneset og Signe Margrethe Sandberg, som var prest i Gulen i åra 1985–93, var den fyrste som tok den i bruk.[16]
[endre] Kulturminne
Heradshuset, kyrkja, steinkrossane og den gamle steingarden omkring prestegarden i Eivindvik er viktige historiske kulturminne.
Gulen kyrkje frå 1860-talet ligg i Eivindvik. Dette kan vera den tredje kyrkjebygningen då det finst kjelder som omtalar tidligare kyrkjer.
Den eldste tingstaden for Gulatinget kan ha vore i Eivindvik, i området ved noverande kommunehus og kyrkjegarden. Men det finst ikkje skriftlege kjelder som fortel noko om dette, så det er ei tolking ut frå sagaen.[17] Her står også to steinkrossar som er omkring 950–1050 år gamle. I Egilsoga står det at kongen flytta tinget til Guløy og bygde kyrkje der. Ein trur difor at tinget kan ha halde til i nærleiken av Flolid i ein periode. Gulatinget blei flytt til Bergen på 1300-talet.
[endre] Tusenårsstad
Tusenårsstaden for Gulen og Sogn og Fjordane ligg på Flolid like utanfor Eivindvik på den plassen Gulatinget kan ha vore. Her er det reist eit monument over tingstaden laga av bilethoggaren Bård Breivik.
[endre] Kulturlandskap
Den gamle låven på prestegarden i Eivindvik låg der Kommunehuset ligg i dag. I skråninga mellom Kommunehuset, kyrkja og utmarka ligg ei stor eng som er avgrensa mot utmark av ein solid steingard. På slåtteenga veks jordnøtt og engsyre. I bakken ovanfor kommunehuset står ein av dei to steinkrossane i Eivindvik.
[endre] Kai og butikk
I 1901-02 bygde Peder Rasmusson Sandal, som var ekspeditør for Fylkesbaatane kai på Kyrkjeneset. I 1924 vart det støypt kaidekke. I 1905 vart butikken flytt ned på kaien til ei bu som var reist der. I 1930 vart det reist eit nytt hus til butikken. Kaia vart utvida i 1936. I 1937 fikk ein solaroljetank på 50 kubikkmeter frå Norsk Brændselolje a/s i Bergen. I 1953–54 vart det oppført eit nytt forretningsbygg i mur. Lagerbygningen vart oppført i 1960, og utvida med ein etasje som kunne brukast til bustad i 1964. I 1986 vart det bygd ein ny forretning i forlenging av dei tidligare tre butikkane. Den siste butikken vart leigd ut til postkontor i ein periode frå 1988.[18] Posten vart flytt til butikken i Dingja etter at det var kome veg dit i 2007.
[endre] Andre bygningar
Gulen Sparebank fekk ei tomt i 1975 og Eivindvik Fjordhotell vart oppført i 1979 etter initiativ frå bygdefolket like ved banken. I 1979 blei Eivindvik Sosialsenter med legekontor, trygdekontor og lensmannsetat oppført. Det blei også tatt ut tomter til prestebustad, Bu- og omsorgssenter og privatbustadar i området. I 1996 vart det opna eit husflidutsal i kjellaren under Eivindvik Sosialsenter. Gulen sjukeheim som ligg på Krossteig blei oppført i 1959-60, og er vorte utvida og modernisert fleire gonger.
[endre] Næringsliv
Eit av dei første forsøka med torskeoppdrett i Gulen var Kåre Håvåg med selskapet Fonnafisk på Fonnøya ved Eivindvik på 1980-talet.
[endre] Eivindvik Slipp og mekaniske verkstad
Lars Johannesson Nygård fekk bygsle ein del av Gulen prestegard og tok til med å reparere småbåtar. I 1955 vart verkstaden utvida, og nye hus vart bygde. Lars og sonen Johannes gjekk samen om å bygge opp Eivindvik Slipp og mekaniske verkstad. To slippar vart laga, kor den største kan ta båtar på opptil 83 fot samstundes som ein kan ta mindre båtar på den andre slippen. Verkstaden har fleire gonger vorte utvida. Til 1960 hadde Lars budd over verkstaden, men då fekk han kjøpe ei tomt og reist eit hus. På verkstaden arbeidde det tre personar i 1995.[19]
[endre] Kjente personar
- Julia Bache-Wiig – (fødd 18. august 1984) er skodespelar.
- Tom Bache-Wiig – (fødd i Oslo 1942) er distriktslege i Eivindvik i Gulen. Han er også malar, grafikar, skulptør og knivmakar.
- Håkon Njøten – (fødd 31. juli 1985) er songar og vokalist i bandet The Micropops.
- Niels Griis Alstrup Dahl – (fødd 14. mars 1778 i Kvinnherad, død 4. august 1852 i Eivindvik) var prest, opplysningsmann, politikar, stortingsrepresentant og den første ordføraren i Gulen kommune.
- Magnor Midttun – (fødd 27. mars 1932 på garden Indre Midttun i Eivindvik) er bankmann, lokalhistorikar og Venstre-politikar.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Eivindvik» frå Wikipedia på bokmål, november 2010
[endre] Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 195
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 200
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 200
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Avsnittet er basert på Enivest.net/ skrive av Magnor Midttun - besøkt 1. november 2010
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind1 side 194
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind1 side 194
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind1 side 194
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 195
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind1 side 195
- ↑ Avsnittet er basert på Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 201–211
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 216
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 218
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 225
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 224
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 225
- ↑ Gulatinget – Tingstaden
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 239–241
- ↑ Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind 1 side 261-262
[endre] Bakgrunnsstoff
- Eivindvik før og no
- Gulen kommune
- NRK Fylkesleksikon: Eivindvik prestegard
- Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen Kommune 1996