Ekebergrestauranten

Koordinatar: 59°53′57.214″N 10°45′42.152″E / 59.89922611°N 10.76170889°E / 59.89922611; 10.76170889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°53′57.214″N 10°45′42.152″E / 59.89922611°N 10.76170889°E / 59.89922611; 10.76170889

Ekebergrestauranten på Ekeberg.
Foto: Bjørn Erik Pedersen
Ekebergrestauranten på eit tidlegare postkort. Frå Oslo byarkiv.

Ekebergrestauranten er ein restaurant i Oslo, i Ekebergskråningen på austsida av byen. Den første restaurantbygningen vart reist i 1916, og var ein trebygning som tidlegare hadde vore Tiedemanns Tobaksfabriks paviljong på Jubileumsutstillingen i 1914. Han vart gjeve til kommunen og oppført her.

Den gamle bygningen vart riven da den nåverande restauranten vart oppført, dette er den eldste bevarte funksjonalistiske bygningen i Noreg, og er teikna i 1927–29 av arkitekt Lars Backer. Bygningen har to etasjar med målte betongfasader og store vindauge. Han ligg med terrassar, murar og trapper i ei vestvendt skråning med utsyn over byen. Restauranten var i fleire år ein populær dansestad som vart driven i regi av Oslo Folkerestauranter.

Bygningen har hatt skiftande eigarar og drifta vart lagt ned i 1997. Ei indre rivning som vart sett i gang i 1998 vart stansa av Oslo kommune, og i fleire år stod bygningen og forfall. Bygningen vart freda i 2001, kjøpt av Christian Ringnes og Eiendomsspar saman med restauratør Bjørn Tore Furset. Etter ei restaurering vart restauranten opna på nytt i 2005.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ekebergrestauranten». Store Norske Leksikon. Henta 4. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]