Ekhinádes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ekhinádes (gresk Εχινάδες) er ei øygruppe som høyrer til Dei joniske øyane, utanfor kysten av Etoloakarnanía i Hellas. Administrativt er øygruppa ein del av kommunen og periferieininga Itháki.

I den nordlege delen av gruppa finn vi mellom anna øyane Drakonéra, Prováti, Pontikós og Petalás, medan Oxía er størst av dei sørlege. Mange av øyane i øygruppa er privateigde.

Fleire tidlegare øyar i øygruppa har vorte ein del av fastlandet på grunn av avleira slam frå elva Akhelóos. Den antikke geografen Herodotus skreiv at halvparten av øyane allereie hadde vorte ein del av fastlandet på hans tid, og Thukydides forventa at det same ville skje med resten etter kvart, sidan dei låg så nær kvarandre. Dette skjedde derimot aldri på grunn av at sjøen vert djupare nær desse øyane.

Ekhinádes vert nemnd av Homer, som i Iliaden fortel at Meges, son av Fyleus leia 40 skip til Troja frå Dulikhiom og dei heilage øyane Echinae, som låg ovanfor Elis (Ilía).[1] I Odysseen vert Dulikhiom (som kan vere ei av øyane i Ekhinádes) nemnd i lag med Same (Kefaloniá), Zákynthos og Itháki. I nyare tid meiner derimot forskarar at øya Tafos er den same som Meganísi aust for Levkáda, som er ganske langt nordvest for Ekhinádes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hom. Il. ii. 625.)