Ekitykisjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ekitykisjøen
Ekitykisjøen -
Stad Tsjukotka i Russland
Koordinatar 67°31′N 179°25′WKoordinatar: 67°31′N 179°25′W
Tilsig Ekitykielva
Utsig Ekitykielva
Største lengde 22 km

Ekitykisjøen (russisk Ozero Ekityki) er ein innsjø i Tsjukotka aust i Sibir i Russland. Ekitykielva renn gjennom innsjøen.

Ekitykisjøen er lang og smal med ei lengd på 22 km og ei breidde på 2 km i snitt. Som alle innsjøar i tundraen er han isdekt det meste av året.

Ekitykisjøen er den einaste staden i heile Eurasia der det finst dvergkvitfisk.[1]

Innsjøen og heile nedslagfeltet til Ekitykielva høyrer til Tsjukotka autonome okrug.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]