Ekko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ekko, atterklang, eller dvergmål, er ein refleksjon av ein lyd som treffer den som høyrer, ei stund etter den direkte lyden. Kjende døme er ekko i ein brønn, eit stort rom eller frå ei fjellside. Eit sant ekko er ein enkelt refleksjon. Dersom lyttaren blir treft av mange ekko som glir over i kvarandre, blir det kalla reverberasjon.

Eit menneske kan ikkje skilje ekko frå original om avstanden i tid ikkje er større enn 0,1 sekund. Ettersom lyden har ein fart på om lag 343 m/s ved 20 °C, må avstanden frå lydkjelde til reflektor vera minst 16,2 meter.

Ekko blir brukt i mellom anna sonar og ekkokardiografi.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet «ekko» kjem frå nymfa Ηχώ i gresk mytologi. Ekko snakka ustoppeleg til Hera så ho ikkje skulle bli var at mannen hennar Zevs dreiv hor. Hera avslørte dette og forbanna Ekko så ho berre kunne ta opp at det andre sa.