Eklog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eklog (gresk ἐκλογή eklogḗ «utval» eller «val», latinisert ecloga) er eit omgrep frå antikken sin litteratur med grunntydinga «eit utvald stykke» (utval, sitat) frå ein lengre litterær tekst eller frå eit einskild omfangsrikt dikt.

I litteraturen[endre | endre wikiteksten]

Fleirtalsformen eclogae frå romersk lyrikk stod opphavleg berre for «utvalde dikt», men omgrepet blei under humanismen misforstått som ein litterær form, og i seinare språkbruk blir eklog ofte nytta som synonym for hyrdedikt.

Dei mest kjende dikta som i dag går under beteikninga eklog stammar frå Vergil.

Statius frå det første hundreåret etter Kristus omtalte einskilde dikt i samlinga Silvae som egloga; han er den første romerske diktaren som nytta omgrepet for eigne verk.

I musikken[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet blir òg nytta om pastoral musikk. Dei første viktige døma er pianoverk av tsjekkaren Václav Tomášek. Mellom komponistar som har nytta omgrepet i titlar er Jan Václav Voříšek, César Franck, Franz Liszt (i den første boka av Années de Pèlerinage), Antonín Dvořák, Gerald Finzi, Vítězslav Novák og Egon Wellesz. Igor Stravinskij gav andre og tredje sats av Duo Concertant (1932) titlane «Eclogue I» og «Eclogue II». Mellomsatsen av den tresatsige Ode (1943) har òg tittelen «Eclogue».

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Alfonso Traina: ecloga i Enciclopedia Virgiliana, bind 2, Instituto della Enciclopedia Italiana, Roma 1985, s. 165
  • Heathcote William Garrod: Varus and Varius i The Classical Quarterly 10, 1916, s. 206–221, nærare: 218–221