Ekornfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekornfamilien
Raudt ekorn Foto: Svein Jan Hjelmeset
Raudt ekorn
Foto: Svein Jan Hjelmeset
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Familie: Ekornfamilien Sciuridae
Fischer de Waldheim, 1817

Ekornfamilien er ei gruppe enkelttanna gnagarar i familien Sciuridae (frå gresk skia, 'skygge' og oura, 'hale', med andre ord «hale som kastar skugge»). I Noreg finst arten raudt ekorn som vanlegvis berre blir omtala som ekorn.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Familien omfattar over 250 artar inndelt i rundt femti slekter. Dei dyra ein først og fremst tenkjer på som ekorn i nordlege delar av verda er dei som bur i tre, men også præriehundar og murmeldyr høyrer til ekornfamilien.

Ekorn har ein hale med stritt hår, men ikkje nødvendigvis ein stor, pelskledd hale. Bakbeina er kraftige, og ekorna går ofte oppreist på to bein og bruker framføtene som «hender». Dei har fire frie tær med kraftige klør på frambeina og fem på bakbeina. Hovudet kan ha noko forskjellig form i ulike artar.

Trelevande ekorn[endre | endre wikiteksten]

Trelevande ekorn er smidige klatrarar som lever i tre. Dei har ein hale som med sin tjukke pels er nesten like stor som resten av kroppen; denne vert brukt til å halda balanse og manøvrera ved hopp. Mange treekorn har spisse duskar på øyro. Artar som lever i nordområde går som regel i uekte dvale om vinteren.

Bakkelevande ekorn[endre | endre wikiteksten]

Bakkelevande ekorn bur som regel under bakken, ofte i store koloniar. Til denne gruppa reknar me m.a. præriehundar og murmeldyr. Bakkelevande ekorn har oftast kort og robust pels, store augo og mindre øyro og hale enn dei trelevande slektningane sine. Fleire av artane går i ekte dvale.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]