Eksarkatet Ravenna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over det austromerske-langobardiske Italia

Eksarkatet Ravenna var senteret til den austromerske makta i Italia frå slutten av 500-talet til 751, då den siste eksarken (austromersk guvernør) vart myrda av keisaren sine fiendar i Italia, langobardane.

Ravenna vart hovudstad i Vestromarriket i 402 på grunn av den flotte hamna ved Adriahavet og fram til Vestromarriket sitt fall i 476. Byen vart då hovudstad for Odoacer, så for austgotarane under kong Teodorik. Under gotarkrigen 535–554 vart Ravenna okkupert av den store austromerske generalen Belisarius og til slutt erobra av Riket.

Eksarkatet vart organisert ei gruppe grevskap som hovudsakleg bestod av kystbyane på Den italienske halvøya, sidan langobardane hadde kontroll over dei indre områda. Området til eksarkatet strekte seg frå Venezia i nord til Pentapolis ved Rimini.

Utover 500- og 600-talet var langobardane og frankarane ein stadig trugsel for eksarkatet og den siste eksarken i Ravenna vart myrda av langobardar i 751. Eksarkatet vart då omorganisert som Katapanatet Italia med sete i Bari, som vart mista til sarasenarar i 858 og først tatt tilbake igjen i 878.

Då frankarane dreiv langobardane bort i 756 gjorde pave Stefan II krav på eksarkatet. Han var alliert med Pipin den yngre, konge over frankarane, som donerte dei erobra landområda i det tidlegare eksarkatet til Kyrkjestaten. Denne donasjonen vart stadfesta av sonen hans, Karl den store i 774.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Thomas Hodgkin (1895) Italy and her Invaders – Clarendon Press.