Ekshausjonsbevis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekshausjonsbevis er ein bevismetode som vart nytta i den greske matematiske skulen, ved problem der ein no ville bruke grenseovergangar. Ekshausjonsbevis vart særleg nytta ved areal- og volumutrekningar. Metoden vart visstnok først innført av Evdoxos og vart ofte av Evklid, men hos Arkhimedes finn ein metoden i den mest fullkomne forma. Ekshausjonsbevis kan kort skildrast som ein metode basert på tilnærmingar ved hjelp av polygon og polyeder.
Kjelder [endre]
- ekshausjonsbevis. (2011-11-08) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/ekshausjonsbevis