Eksosbrems

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eksosbrems på lastebil. Aktuatoren i aluminiumhuset stenger eksosutløpet med eit metallokk.

Eksosbrems er eit spjeld som stengjer, eller snevrar inn, eksosmanifolden eller eksosrøret, noko som fører til at det krevst eit større dreiemoment for å driva motoren rundt. Når motoren vert nytta til å bremsa køyretøyet fører dette til at det krevsta større dreiemoment for å driva motoren rundt. Motorbremst vert fyrst og fremst nytta på lastebilar og diesellokomotiv.

Effekttapet i motoren kan uttrykkast

P=\omega M,

der \omega er vinkelhastigheita (rad/s) og M er dreiemomentet (Nm). Når ein stengjer eksosrøret aukar dreiemomentet som skal til for å driva motoren rundt, og effektapet vert større. Ein annan måte å auka effekttapet på er å auka turtalet \omega. Dette vert gjordt ved å nytta eit lågt gir i nedoverbakke. Ved køyring i nedoverbakkar er det difor vanleg at motoren har høgare turtal enn når ein tek ut effekt frå motoren. Lastebilmotorar er konstruerte for dette, så det er ikkje skadeleg for motoren.

På moderne lastebilar vert motorbremsa aktivert ved lett trykk på bremsepedalen (før bremsene går på). Ved køyring på glatt føre kan bruk av motorbrems føra til at drivhjula vert blokkerte, slik at køyretøyet sklir ut. For å hindra dette kan motorbremsa koplast ut med ein brytar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]