Eksplosiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eksplosiv er stoff som er i stand til eller er tilbøyeleg til å eksplodere.

Eksplosiv vert delt inn i dei tre hovudgruppene sprengstoff, krut og pyroteknisk stoff. Sprengstoff kan detonere og nyttast for den knusande og sjokkdannande evna si, og detonasjonen må innleiast av eit initialsprengstoff. Krut deflagrerer og vert nytta når det trengst eit drivmiddel (pneumatisk kraft eller reaksjonskraft). Pyrotekniske stoff er òg deflagrerande. Reaksjonsgassane vert nytta til lydeffektar, men elles er her varmeutviklinga viktigare, som til dømes som tenning, eller for danning av lys eller røyk.

Overgangen mellom dei tre gruppene er flytande, og til dømes kan same eksplosiv alt etter omgjevnadane både detonere og deflagrere.

I daglegtale vert ikkje eksplosive gass- eller støvblandingar rekna som eksplosiv.

Lov om eksplosive varer av 14. juni 1974 gjeld tilverknad, oppbevaring, transport (herunder lasting og lossing), erverv, bruk og inn- og utførsel av eksplosiv vare samt handel med slik vare. Statens Sprengstoffinspeksjon og dei kommunale brannstyra fører tilsyn med at reglane i lova blir haldne.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]