Ekstremvêr i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyttårsorkanen på veg inn mot Nordvestlandet 04 UTC 1. januar 1992.
Foto: Met.no
Ekstremvêret Dagmar ved Seilet hotell i Molde.

Ekstremvêr i Noreg er eit uvêr som er så kraftig at det er fare for liv og verdiar. I Noreg er det berre Meteorologisk Institutt som er pålagt å varsle og som har lov å varsle om slike vêrforhold, då kalla eit ekstremvarsel. Årsaka til at berre MI gjev ut slike varsel er fordi det ikkje skal oppstå forvirring om til dømes StormGeo eller andre vêrselskap hadde gjeve ut eit ekstremvarsel, medan MI ikkje hadde sendt ut.

I samband med ekstremvarsel vert styresmaktene varsla slik at dei kan sette i gang førebyggjande tiltak. Først vert hovudredningssentralane og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) varsla og deretter Justisdepartementet, fylkesmannen i fylka som vert råka, politiet i aktuelle område i tilfelle evakuering, kommunale etatar i aktuelle område for å sikre verdiar og media for å varsle ålmenta.

Kriterium[endre | endre wikiteksten]

For at eit uvêr skal kallast ekstremt må minst eitt av følgjande kriteria oppfyllast:

  • Sterk vind, som regel storm.
  • Store nedbørmengder eller endra temperaturforhold som kan føre til stor flaum.
  • Ekstremt stor snørasfare over store område
  • Stormflod (ekstremt høg vasstand langs delar av kysten)

I tillegg spelar òg kva område som vert råka inn på om det vert sendt ut ekstremvarsel eller ikkje. Til dømes må det kraftigare vind til i Nord-Noreg og på Vestlandet enn på Austlandet.

Kva retning vinden kjem frå spelar vanlegvis òg ei rolle. Om vinden bles parallelt med kysten vil berre dei ytste områda verte råka av kraftig vind, men med ein gong vinden kjem med større vinkel inn på kysten vil større område få merke den kraftige vinden.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til at ein starta med varslingsplanar for ekstreme vêrsituasjonar var nyårsorkanen i 1992 i Møre og Romsdal. Orkanen vart godt varsla av Meteorologisk Institutt på nyårsaftan 1991, men sidan varselet mellom anna kom på denne spesielle dagen var det få som fekk varselet med seg. Verken ålmenta eller styresmakter vart varsla om det særs kraftige uvêret og øydeleggingane vart deretter sidan ingen skadeførebyggande tiltakt vart utført og heller ingen beredskap vart sett i gang for å raskt bøte på skadane som oppstod.

Første gong prosedyrane for ekstremvarsel vart nytta var 8. desember 1994 då det vart full til sterk storm langs kysten frå Lindesnes til Fedje. Dei fleste ekstremvêra kjem som følgje av kraftig vind. Ekstremvêr som følgje av ekstrem stor snørasfare har enno ikkje oppstått sidan prosedyrane vart oppretta.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1995 har òg MI gjeve namn på ekstremvêra på liknande måte som ein gjer med tropiske syklonar i andre delar av verda. Her nyttar ein ei alfabetisk liste der anna kvart namn er eit mannsnamn og eit kvinnenamn. Bokstavane Q, W, X, Z, Æ, Ø og Å vert ikkje nytta. Når ein kjem til siste bokstav (Y) byrjar ein på nytt igjen med A på neste ekstremvêr. På den første lista vart ikkje bokstaven C nytta.

Det første ekstremvêret som fekk namn var Agnar 12. oktober 1995.

Kjende ekstremvêr[endre | endre wikiteksten]

Nyårsorkanen i 1992 var det dyraste uvêret som har råka landet.[1] Det vart registrert 33 000 skadar og utbetalt ei total erstatning på om lag 1,3 milliardar kroner.[2]

Vesleofsen, flaumen som råka Austlandet i juni 1995, vart òg særs dyr med om lag 6900 skadar for 1,8 milliardar kroner og utbetalt erstatning for 940 millionar kroner.[2] Ekstremvêret Narve råka Nord-Noreg i januar 2006 og det vart rapportert 2478 skadar som totalt gav ei erstatning på rundt 188 millionar kroner.[2]. Eit av dei mest omfattande uvêra som har råka landet var dei tre ekstremvêra Gudrun, Hårek og Inga som kom på løpande band i januar 2005. Områda heilt frå Østfold til Nordland vart råka i denne uvêrsperioden og det vart rapportert 4306 skadar for totalt 160 millionar kroner.[2]

Storofsen er ein av dei største flaumane som har råka landet nokon gong. Han skjedde i 1789 og tok livet av minst 61 menneske. Den galne måndagen var eit anna kjend uvêr med orkan som i 1822 tok meir enn 300 menneskeliv på Vestlandet.

Liste over ekstremvêr[endre | endre wikiteksten]

Ekstremvêr i Noreg
Dato Namn Område råka Årsak
8. desember 1994 Namnlaus Lindesnes til Fedje Vind opp mot sterk storm; høg vasstand frå Lindesnes til Karmøy
19. januar 1995 Namnlaus Rogaland til Sogn og Fjordane Vind opp i sterk storm.
30. januar 1995 Namnlaus Hordaland, Sogn og Fjordane og Trøndelag Vind opp i sterk storm.
31. januar 1995 Namnlaus Trøndelag til Narvik Høg vasstand
27. mai 1995 Namnlaus, men i ettertid kalla Vesleofsen Telemark og Austlandet Store nedbørmengder
31. mai 1995 Namnlaus, men i ettertid kalla Vesleofsen Telemark og Austlandet Store nedbørmengder
7. juni 1995 Namnlaus, men i ettertid kalla Vesleofsen Austlandet Store nedbørmengder
12. oktober 1995 Agnar Nordmøre, Trøndelag og Helgeland Sterk storm, full storm på Helgeland
11. november 1995 Bera Troms og Vest-Finnmark Full storm, fare for snøras og vanskelege køyreforhold
29. januar 1996 Dag Aust-Finnmark Sterk storm
28. februar 1996 Erika Trøndelag Kortvarig sterk storm
12. oktober 1996 Frode Nordland, Troms og Vest-Finnmark Full eller sterk storm
28. oktober 1996 Gerd Lindesnes til Oslofjorden med landområde Opp til storm med kast
14. januar 1997 Hauk Spitsbergen Sterk storm
29. januar 1997 Idun Nordland, Troms og Finnmark Full storm, sterk storm i Finnmark
6. februar 1997 Joar Vestfjorden og Ofoten - Nordfjord Høg vasstand
7. februar 1997 Joar Nordfjord, Møre og Romsdal og Trøndelag Sterk storm og høg vasstand
17. februar 1997 Kari Rogaland til Sogn og Fjordane og i Trøndelag Sterk storm
16. november 1997 Leif Spitsbergen Sterk storm
9. november 1998 Mari Indre Sør-Trøndelag Full storm
26. november 1999 Njål Stad til Narvik Høg vasstand
28. november 1999 Olrun Hordaland, Sogn og Fjordane og Trøndelag Full eller sterk storm
24. desember 1999 Peter Agder til Østfold Liten eller full storm
28. januar 2000 Reidun Lindesnes til Østfold Høg vasstand
27. mars 2000 Sølve Aust-Finnmark Full storm
28. oktober 2000 Tora Agder Full storm, store nedbørsmengder og høg vasstand
15. januar 2001 Ulf Troms og Finnmark Full storm
15. desember 2001 Valdis Finnmark Sterk storm
17. desember 2002 Yrjan Vesterålen, Troms og Finnmark Full eller sterk storm
14. januar 2003 Agda Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag sør for Trondheimsfjorden Full eller sterk storm
28. oktober 2003 Bengt Tromsø til Vardø Høg vasstand
3. desember 2003 Clara Salten til Vest-Finnmark Full storm
6. desember 2003 Dyre Møre og Romsdal og Trøndelag Full storm
10. desember 2003 Edda Nord-Helgeland til Sør-Troms Full storm. Sterk storm i Lofoten.
21. desember 2004 Finn Nord-Møre til Vesterålen Full storm
8. januar 2005 Gudrun Sør-Rogaland til Svenskegrensa Sterk storm i Rogaland, ellers liten til full storm, Høg vasstand frå Egersund til Svenskegrensa
10. januar 2005 Hårek Nord-Trøndelag til Lofoten Kortvarig sterk storm. Høg vasstand.
11. januar 2005 Inga Egersund til Kristiansund Høg vasstand. Liten til sterk storm.
August 2005 Jostein - Varselet vart trekt tilbake på grunn av at uvêr minka i styrke og ikkje kvalifiserte til ekstremvêr.
14. september 2005 Kristin Hordaland og Sogn og Fjordane Første ekstremvarsel på grunn av ekstreme nedbørmengder.
14. november 2005 Loke Rogaland til Sogn og Fjordane Lokalt ekstreme nedbørmengder.
11. desember 2005 Mona Helgeland, Saltfjellet, Salten og Lofoten Full storm og store nedbørmengder
18. januar 2006 Narve Namdalen til Vest-Finnmark Søraust full til sterk storm.
4. desember 2006 Oda Stavanger til Stad Høg vasstand
13. januar 2007 Per Rogaland til Sogn Nordvest sterk storm
19. desember 2007 Rita Nord-Troms og Finnmark Vestleg full til sterk storm
26. januar 2008 Sondre Sognefjorden til Kristiansund Særs høg vasstand kombinert med vestleg full storm.
31. januar 2008 Tuva Farsund til svenskegrensa Varsla sørleg full storm langs kysten, vart stort sett berre liten storm på det meste.
25.-26 oktober 2008 Ulrik Stad til Helgeland Varsla fare for sterk storm på kysten, noko det også vart.
20. november 2008 Vera Trøndelag Eit polart lågtrykk medførte storm, høge bølgjer, stormflod og tett snøfall.
31. desember 2008 Yngve Nordland Eit kraftig lågtrykk medførte storm og lokalt orkan i områda rundt Vestfjorden
26. januar 2010 Ask Nordland, Troms og Finnmark Kortvarig sterk storm 30 m/s utsette stader i Nordland, Troms og Vest-Finnmark. Sørvestleg full storm 25 m/s, sterk storm 30 m/s utsette stader i kyst- og fjordstrøka i Aust-Finnmark.
25. november 2011 Berit Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Helgeland, Salten, Ofoten og Lofoten Kraftig vind og høge bølgjer; særs høg vasstand langs kysten. Vasstanden var estimert til å vere 110 cm over tidvatnet i tidvasstabellen.
25. desember 2011 Cato Salten, Ofoten, Lofoten, Vesterålen, Troms og kyst- og fjordstrøka i Vest-Finnmark Stormflod
25. desember 2011 Dagmar Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelag Ekstrem vind, men også høg vasstand kombinert med høge bølgjer.
3. januar 2012 Emil Vest-Agder Sterk storm
6. august 2012 Frida Aust- og Vest-Agder Varsel om store nedbørmengder i forbindelse med kraftige regn- og tordenbyger. «Etter gjeldende kriterier for ekstremvær kvalifiserte ikke Frida som ekstremvær i Agder-fylkene. Nedbørmengdene som ble registrert var store, men på ingen måte ekstreme. Derimot kom det ekstreme mengder nedbør i Vestfold og Nedre Buskerud, hvor kraftige byger og store nedbørmengder førte til oversvømmelser og jordras som gjorde skade på hus, veier og jernbane.» (Meteorologisk institutt)
21. juni 2013 Geir Aust- og Vest-Agder, Telemark, Buskerud og Oppland Lokalt ekstremt mye nedbør (50–90 mm)
16. november 2013 Hilde Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Helgeland Meteorologisk institutt melde om lokale vindkast inn over land som var venta å kome opp i mellom 40 og 50 meter per sekund, i tillegg til mellom 13 og 15 meter høge bølgjer inn mot kysten.[3] «Sørvest full og kan hende sterk storm, som etterhvert dreier vestlig. Lokale vindkast på 35-45 m/s innover land lørdag kveld og første del av natt til søndag. Lørdag kveld er det også ventet høye bølger inn mot kysten. Signifikant bølgehøyde kan bli 13-15 m» (Meteorologisk institutt)
12. desember 2013 Ivar Møre og Romsdal og Trøndelag Torsdag ettermiddag og kveld melde Meteorologisk institutt om kortvarig vest og nordvest sterk storm (30 m/s) eller orkan (33 m/s), med vindkast opptil 40–45 m/s inn over land[4]
8. mars 2014 Jorun Finnmark Vestlig full til sterk storm over store deler av Finnmark, med vindkast på 35–40 m/s.[5]
12. mars 2014 Kyrre Trøndelag, Helgeland og Saltfjellet Ekstreme nedbørsmengder.[6]
9. august 2014 Lena Hordaland, og Sogn og Fjordane Eit uvanleg kraftig lavtrykk for årstida. Lokale vindkast på 25–35 m/s.[6]
30. desember 2014 Mons Namdalen, Helgeland, Saltfjellet og Sør-Salten Mildvêr og ekstreme nedbørsmengder.[6]
10. januar 2015 Nina Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Agder, Telemark og Ytre Oslofjord Målt til orkan styrke i 4 timar, var oppe i 33,8 m/s. Høge bølgjer inn mot kysten. Vindkast målt til 44,7 m/s.[7]
6. februar 2015 Ole Trøndelag, Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Ofoten og Troms Vind av orkan styrke inn mot nordlege Nordland og Sør-Troms. Meir enn 50 000 var utan straum.[8]
17. september 2015 Petra Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold og Buskerud Langvarig nedbør og store nedbørmengder.[9]
1. oktober 2015 Roar Nordland, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag Store nedbørmengder.[10]
5. desember 2015 Synne Hordaland, Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder[11] Store nedbørmengder, flom, ras, stengte veier og jernbaner, innstilte ferjer[12] Fortsette innover Vest-Sverige.
29. januar 2016 Tor Hedmark, Oppland, Buskerud, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland[13] Kraftig vind. Ved Kråkenes fyr (Vågsøy, Sogn og Fjordane) blei middelvinden målt til 48,9 meter i sekundet, noko som er ny vindrekord for dei offisielle målingane i Noreg etter nyttårsorkanen i 1992.

Etter år[endre | endre wikiteksten]

År Tal på
ekstremvêr
1994 1
1995 8
1996 4
1997 6
1998 1
1999 3
2000 3
2001 2
2002 1
2003 5
2004 1
2005 7
2006 2
2007 2
2008 5
2009 0
2010 1
2011 3
2012 2
2013 3
2014 4
2015 5

Etter fylke[endre | endre wikiteksten]

Fylke Tal på
ekstremvêr
Østfold 8
Akershus 3
Oslo 3
Hedmark 4
Oppland 4
Buskerud 5
Vestfold 9
Telemark 8
Aust-Agder 8
Vest-Agder 10
Rogaland 10
Hordaland 13
Sogn og Fjordane 14
Møre og Romsdal 10
Sør-Trøndelag 16
Nord-Trøndelag 17
Nordland 18
Troms 12
Finnmark 13
Svalbard 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Nyttårsorkanen. Kunnskapsforlaget. 2007. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Det verste uværet». Meteorologisk Institutt. 21. september 2008. Henta 30. september 2008. 
  3. «Orkan flere steder langs kysten». Yr.no. 16. november 2013. Arkivert frå originalen 18. november 2013. Henta 18. november 2013. 
  4. «Norske ekstremvær får navn». met.no. 26. desember 2013. Henta 26. desember 2013. 
  5. «Norske ekstremvær får navn». met.no. 26. desember 2013. Henta 29. desember 2014. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Norske ekstremvær får navn». met.no. 9. januar 2015. Henta 9. januar 2015. 
  7. «Ekstremvarsel». yr.no. 10. januar 2015. Arkivert frå originalen 14. januar 2015. Henta 12. januar 2015. 
  8. «50.000 er uten strøm». nordlys.no. 7. februar 2015. Henta 8. februar 2015. 
  9. «Disse rammes av ekstremværet Petra». tv2.no. 16. september 2015. Henta 16. september 2015. 
  10. Ekstremværet Roar på vei til Trøndelag. adressa.no (1. oktober 2015)
  11. Fase D: Ekstremværet Synne er nå over Arkivert 2016-02-08 ved Wayback Machine.. met.no (6. desember 2015)
  12. Veier er stengt, togene vestover innstilt og ferjene ligger ved kai Fædrelandsvennen (6.desember 2015)
  13. Fase B: Ekstremværet Tor treffer Sør-Norge Arkivert 2016-02-02 ved Wayback Machine.. met.no (29. januar 2016)