Ekstremvêret Frida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radarbilete som syner nedbørsmengdene som kom over Sør- og Austlandet den 6. august 2012.
Foto: Meteorologisk Institutt

Frida var eit varsla ekstremvêr utstedt 6. august 2012 for Vest- og Aust-Agder. Varselet gjaldt kraftige regnbyer, som lokalt var venta å gje store nedbørsmengder.[1] Dette var det første ekstremvêrvarselet som vart sendt ut på grunn av ekstreme nedbørsmengder sidan 2005, og det første nokon gong for nedbør i Agder-fylka. Det viste seg at varselet bomma noko på plasseringa av den mest ekstreme nedbøren, som ikkje kom i Agder, men i Vestfold og sørlege Buskerud.

Vêrsituasjonen[endre | endre wikiteksten]

Eit frontsystem med kraftige regnbyer flytta seg nordover mot Sørlandet frå Danmark om morgonen den 6. august i samband med eit lågtrykk som flytta seg mot Aust-Agder og seinare mot Ytre Oslfjorden. Det oppstod ei byelinje like bak fronten, der dei kraftigaste byene oppstod. I løpet av berre få timar kom det 70-100 mm nedbør i eit smalt område i Vestfold og sørlege område av Buskerud. Det var altså ikkje Agder-fylka som fekk den verste nedbøren. [1]

Verknad[endre | endre wikiteksten]

Dei store nedbørsmengdene førte til flaum og jordras i Vestfold og Buskerud, og dette gjorde skade på hus, vegar og jernbane.[1] I Hakavik og Hokksund i Øvre Eiker vart det målt høvesvis 99,3 og 97,4 mm på 24 timar, men mykje av dette kom i løpet av berre få timar.[1]. Mellom anna fekk vêrstasjonen i Hokksund 51,8 mm i løpet av berre 2 timar frå kl. 21 til kl. 23.[1] Uoffisielle målingar og estimart indikerer at det kan ha kome opp mot 130 mm somme stader, mykje av dette i løpet av få timar.[1] Fleire stader i Buskerud og Vestfold vart det småras som gjorde stor skade på vegnettet og jernbanen, både Sørlandsbanen og Bergensbanen. Forsikiringsselskapet IF rekna at regnvêret hadde ført til skadar på privat eigedom for 150 millionar kroner.[1]

I Agder, som ekstremvêrvarselet gjaldt for, vart det ikkje målt mykje, men ikkje ekstreme nedbørsmengder. Mest nedbør her falt det i Lyngdal som fekk 61,6 mm på 24 timar, medan Risør fekk 60,0 mm.[1] Analysar av akkumulert nedbør frå radar og veridar frå målestasjonane i nærleiken, indikerer at det kan ha kome rundt 75 mm i eit område innafor Lista.[1] Mykje av denne nedbøren kom i løpet av berre få timar[1] og det vart lokal flaum.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 «Ekstremværrapport - Hendelse: Frida, 06.08.2012» (PDF). Meteorologisk Institutt. 17. august 2012. Henta 14. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]