Ekstremvêret Kristin
Kristin var det første ekstremvarselet som vart sendt ut av Meteorologisk Institutt på grunn av store nedbørmengder på Vestlandet. Fleire stader fekk godt over 100 mm nedbør i løpet av 24 timar frå 13. til 14. september 2005, og enkelte stader fekk over 200 mm. Fleire stader kom mykje av nedbøren på berre 12 timar. I Bergen vart det sett ny nedbørsrekord for eit døgn med 156,5 mm [1] og mange andre stasjonar sette ny rekord for september. Mest nedbør vart det målt på Opstveit i Matre i Kvinnherad med 179,5 mm på 24 timar. Dette er det meste som nokon gong er målt i Noreg i september. Prognosar i forkant viste derimot at område der det ikkje står målingar kunne få så mykje som 210 mm.[2] NVE sendte ut flaumvarsel, og opplyste at spesielt Bergensområde var utsett, men rekna berre med 100 mm nedbør på det meste.[3].
Dei store nedbørmengdene i løpet av så kort tid førte til ras fleire stader, mellom anna ved Hatlestad i Bergen der to personar mista livet då huset deira vart råka.
Innhaldsliste |
Utvikling og verknad [endre]
Årsaka til den kraftige nedbøren var at restane av dei tropiske orkanane Maria og Nate gjekk nordover i Atlanterhavet, omforma seg til vanlege lågtrykk og førte med seg mykje fukt sørfrå. Sterkt medverkande til at det fall så mykje nedbør var at fronten i samband med lågtrykka vart liggande i ro over Vestlandet, og flytta seg ikkje austover slik dei som oftast gjer.
Utover ettermiddagen og kvelden den 13. oktober sette nedbøren i gang for fullt og skapte problem mange stader. Mange vegar vart stengd på grunn av så mykje vatn i vegen at bilane risikerte å få vatnet inn.[4] Alle stader voks små bekkar til elvar og mange stader rann vatnet inn i kjellarane til folk.
Natt til 14. september tok nedbøren ytterlegare til og det gjekk etter kvart mange ras. Fleire vegar vart øydelagde, men verst gjekk det ved Hatlestad i Fana der eit ras i ein bratt skråning råka eit rekkehus. Tre personar omkommer og sju andre vart skadde[5]
Ved Nesttun i Bergen gjekk Nesttunvassdraget langt over sine breidder og strøymde gjennom eit parkeringshus og kjøpesenter som er bygd over elva.[6] Ei stund var det frykta at delar av kjøpesenteret skulle rase saman fordi ein av berebjelkane i bygget hadde falle 50 cm. Sikringsarbeidet kom derimot raskt i gang og faren vart avblåst.[7]
Mest nedbør [endre]
På stadane der det står oppført gammal septemberrekord vart det sett ny septemberrekord under Kristin. Nedbøren er målt frå kl. 08 13. september til kl. 08 14. september.
| Stasjon | Nedbør siste 12 timar 13. sep. kl. 20 (mm) |
Nedbør siste 12 timar 14. sep. kl. 08 (mm) |
Nedbør siste 24 timar 14. sep. kl. 08 (mm) |
Gammal septemberrekord[8] (mm) |
Merknad |
|---|---|---|---|---|---|
| Opstveit i Matre | - | - | 179,5 | 124,5 (2003) | Ny nasjonal rekord for døgnnedbør i september |
| Eikemo | - | - | 177,2 | 105,0 (1966) | Nedbørsrekord uansett månad |
| Haukeland | - | - | 164,7 | 162,4 (1966) | |
| Øystedal | - | - | 160,0 | 114,1 (1966) | Nedbørsrekord uansett månad |
| Bergen | 46,0 | 110,5 | 156,5 | 119,0 (1901) | Nedbørsrekord uansett månad |
| Grøndalen | - | - | 155,5 | 123,1 (1983) | Nest høgaste døgnnedbør som nokon gong er målt. |
| Brekke i Sogn | - | - | 145,5 | 126,0 (1975) | |
| Hundseid i Vikedal | - | - | 143,5 | 95,0 (1966) | Ny døgnrekord i Rogaland i september uansett stasjon |
| Eikanger | - | - | 139,4 | 83,4 (1975) | Nedbørsrekord uansett månad |
| Eikefjord | - | - | 137,1 | 110,1 (1975) | |
| Modalen | 39,6 | 92,5 | 132,1 | 107,0 (1987) | |
| Kvamskogen | 31,5 | 96,0 | 127,5 | ||
| Frøyset | - | - | 126,9 | 101,9 (1966) | |
| Takle | 28,0 | 97,0 | 125,0 | ||
| Stend i Fana | - | - | 125,0 | 86,1 (1975) | |
| Hatlestrand | - | - | 124,5 | 68,5 (1969) | Nedbørsrekord uansett månad |
| Husnes | - | - | 124,1 | 71,3 (1991) | Nedbørsrekord uansett månad |
| Vintertun | - | - | 111,0 | 114,1 (1966) | |
| Kvåle | - | - | 104,8 | 90,3 (1966) | |
| Kvamsøy i Hardanger | 36,5 | 68,4 | 104,9 | ||
| Flesland | 35,0 | 67,2 | 102,2 | 92,0 (1975) | Nedbørrekord uansett månad |
| Nedre Vats | 10,9 | 35,0 | 102,1 | 80,8 (1988) | Nest høgaste døgnnedbør som nokon gong er målt. |
| Eik | 6,3 | 5,1 | 89,8 | ||
| Mjølfjell | - | 10,2 | 86,7 | ||
| Fister | 5,5 | 19,4 | 83,6 | ||
| Førde | 19,8 | 19,4 | 83,0 |
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- ↑ Ny nedbørsrekord (14. september 2005).
- ↑ Her kommer orkan-regnet. vg.no (13. september 2005). Vitja 28. oktober 2008.
- ↑ Varsler flom. ba.no (13. september 2005). Vitja 28. oktober 2008.
- ↑ Enormt regnkaos på Vestlandet. vg.no (14. september 2005). Vitja 28. oktober 2008.
- ↑ En omkom i skredulykke (14. september 2008). Vitja 28. oktober 2008.
- ↑ Flomkaos på Nesttun. ba.no (14. september 2008). Vitja 28. oktober 2008.
- ↑ Nesttunsenteret raser ikke sammen. ba.no (14. september 2005). Vitja 28. oktober 2008.
- ↑ Klimatologisk månedsoversikt - september 2005. Meteorologisk institutt (september 2005). Vitja 28. oktober 2008.
|
|
|
|---|---|
| 2000 | Reidun · Sølve · Tora |
| 2001 | Ulf · Valdis |
| 2002 | Yrjan |
| 2003 | Agda · Bengt · Clara · Dyre · Edda |
| 2004 | Finn |
| 2005 | Gudrun · Hårek · Inga · |
| 2006 | Narve · Oda |
| 2007 | Per · Rita |
| 2008 | Sondre · Tuva · Ulrik · Vera · Yngve |
| 2009 | - |
| Ekstremvêr i Noreg 1995-1999 · Ekstremvêr i Noreg 2010-2019 | |