Ekstremvêret Ulrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Figur som viser lågtrykket vest for Helgeland for tidspunktet 26. oktober kl. 05. Dei tette isobarane sør for lågtrykket gjev den kraftigaste vinden.

Ekstremvêret Ulrik var eit ekstremvêr som råka Noreg laurdag og søndag 25.-26. oktober 2008. Varselet gjaldt kysten frå Stad til Helgeland med fare for sterk storm. Fleire fyrstasjonar på kysten av Nordvestlandet og nordover til Trøndelag målte orkan og uvêret var det kraftigaste som råka landet sidan ekstremvêret Per i januar 2007.

Årsaka til uvêret var eit kraftig lågtrykk aust for Færøyane som gjekk nordaustover mot Lofoten.

Verknader[endre | endre wikiteksten]

Uvêret starta på Vestlandet på laurdagen med kraftig vind og særs store nedbørsmengder. Den kraftige vinden her førte til at ferjesambandet til Fedje, og ferjesambandet mellom Kjelkenes og Smørhamn vart innstilt.[1] Ved Fedje vart det utpå ettermiddagen målt 27 m/s (full storm) med vindkast opp i 32 m/s (115 km/t).

Fleire fjellovergangar var stengd, og riksveg 551 vart stengd ved Furubergfossen bru på grunn av flaum. Sotrabrua mellom Bergen og Sotra vart stengd ut på ettermiddagen på grunn av kraftig vind.[1] Søndag 26. oktober vart fleire ferjesamband lenger nordover òg innstilte. Det vart rapportert om rotvelta tre, men ingen store skadar nokon stad.

Utover laurdagskvelden dreiv den kraftigaste vinden nordover og på Kråkenes fyr vart det målt middelvind opp i 37 m/s med vindkast opp i 46 m/s (166 km/t), medan Ona målte 36 m/s og vindkast på 44 m/s (158 km/t). I tillegg målte også Svinøy fyr og Nordøyan fyr vind opp i orkan styrke (meir enn 32,7 m/s) og vindkast over 40 m/s.

Vind[endre | endre wikiteksten]

Kraftigast vind mellom kvelden 25. oktober og føremiddagen 26. oktober. Områda frå Nordhordland til Troms fekk opp i full storm i denne perioden.

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Tidspunkt
Kråkenes fyr 37 46 kl. 20-23 25. okt.
Ona 36 44 kl. 00-01 26. okt
Svinøy fyr 35 44 kl. 20-23 25. okt.
Nordøyan fyr 34 44 kl. 02-05 26. okt.
Sklinna fyr 32 42 kl. 02-05 26. okt.
Halten fyr 31 40 kl. 01-02 26. okt.
Veiholmen 30 40 kl. 00-01 26. okt.
Buholmråsa fyr 30 37 kl. 02-05 26. okt.
Sula 30 38 kl. 00-01 26. okt.
Helligvær 28 36 kl. 07-11 26. okt.
Fedje 27 34 kl. 20-23 25. okt.
Vega 27 - kl. 05-06 26. okt.
Rotvær 26 33 kl. 11-12 26. okt.
Vigra 25 33 kl. 23-00 25. okt.
Kvamsøy i Hardanger 25 32 kl. 23-00 25. okt.
Færder fyr 25 30 kl. 20-23 25. okt.
Lindesnes fyr 24 29 kl. 20-23 25. okt.
Ørland 24 28 kl. 01-02 26. okt.
Bodø 24 32 kl. 10 26. okt.

Nedbør[endre | endre wikiteksten]

Nedbørmengder målt frå kl. 08 25. oktober til kl. 07 26. oktober. Perioden var 24 timar, men klokka vart justert for vinterstid dette døgnet. På grunn av den kraftige vinden kan det i realiteten ha falle meir nedbør, sidan målestativa i seg sjølv skapar turbulens som kan hindre noko av nedbøren å falle oppi målarane i kraftig vind.

Stasjon Nedbør 24 timar
(mm)
Kvamskogen 85,2
Takle 80,4
Eik i Rogaland 77,9
Modalen 68,7
Sauda 65,1
Konsmo 60,0
Sirdal/Tjørhom 49,0
Nedre Vats 44,3
Bergen 40,9

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «- Skalk lukene, her kommer Ulrik». 25. oktober 2008. Henta 25. oktober 2008.