Ekte beinfisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ekte beinfisk


Regnbogeaure
Regnbogeaure

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Infraklasse: Teleostei
Vitskapleg namn
Teleostei

Dei ekte beinfiskane eller teleostane (Teleostei) er ein infraklasse strålefinnefisk som omfattar 20.000 kjende artar i omkring 40 ordenar. Gruppa er særs mangfaldig, og oppsto i triastida.

Teleostar er, både om ein reknar i tal på artar eller i biomasse, dei mest dominerande virveldyra på kloten.

[endre] Kjenneteikn

Teleostar har bevegeleg overkjeve og tilsvarande endringar i kjevemuskulaturen. Desse modifikasjonane gjer det mogleg for fisken å skyva kjevene ut or sjølve munnen.

Halefinna er homoceral, det vil seie at den øvste og den nedste delen er tilnærma symmetriske til kvarandre. Ryggraden ender ved halerota, og går såleis ikkje vidare opp i halefinna.

[endre] Systematikk

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk