Ektepakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ektepakt er ei avtale mellom ektefellar om formuestilhøva mellom ektefellane. Det er visse strenge formkrav til oppretting av ei gyldig ektepakt.

Ei ektepakt omhandlar typisk etablering av heilt eller delvis særeige, og overføring av større gåve, til dømes til den andre ektefellen sin rådveldedel av felleseiget.

Ei ektepakt er er gyldig oppretta når den er underskriven av ektefellane og to vitne. Her er eit eige skjema for ektepakt. For at ein transaksjon i ei ektepakt skal ha verknad overfor kreditorar, må ektepakta tinglysast i Ektepaktregistret i Brønnøysundregistrene.

Ein vanleg og unødvendig feil som blir gjort er at ein ektefelle overfører sine eigedelar til den andre ektefellen sitt særeige for å unngå pågang eller risiko for pågang frå eigne kreditorar. Det er likevel heilt unødvendig å overføre til den andre ektefellen sitt særeige for å oppnå vern mot kreditorane. I staden kan ein opprette ei ektepakt, der eigedelane blir overført til ektefellen sin rådveldedel av felleseigeet, som den andre ektefellen sitt eineeige. Ein har då oppnådd vernet mot kreditorar, men eigedelen vil framleis vere ein del av det ekteskaplege felleseiget. At det er ein del av fellesiget har som verknad at det framleis er ein del av det som skal delast likt ved eit eventuelt skifte ved separasjon og skilsmisse.

Reglane om ektepakter står i Ekteskapslova.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]