Ekvatorial-Guinea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Guinea (fleirtyding)
[endre]
República de Guinea Ecuatorial
République de la Guinée Équatoriale
República da Guiné Equatorial

(norsk: Ekvatorial-Guinea, ekvatorialguineansk)

Det ekvatorialguineanske flagget Det ekvatorialguineanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Caminemos pisando la senda»
Motto Spansk: Unidad, Paz, Justicia
(Eining, fridom, rettferd)
Geografisk plassering av Ekvatorial-Guinea
Offisielle språk Spansk, fransk og Portugisisk
Hovudstad Malabo
Styresett
Republikk
Teodoro Obiang Nguema Mbasogo
Vicente Ehate Tomi
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
28 051 km² (143.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
685 991 (163.)
24,5 /km² (157.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Spania
12. oktober 1969
Nasjonaldag 12. oktober
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
24 660 mill. USD (111.)
37 900 USD (19.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC +1
Telefonkode +240
Toppnivådomene .gq


Republikken Ekvatorial-Guinea er ein sentralafrikansk republikk med grense mot Kamerun og Gabon. Hovudstaden Malabo ligg på øya Bioko i Biafrabukta. Det er eit av dei minste landa i Afrika.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya Bioko vart opdaga av kolonimaktene i 1471 av den portugisiske oppdagaren Fernão do Poo. Området var portugisisk koloni til det vart overførd til Spania i 1778. Fastlandsdelen av landet vart eit spansk protektorat i 1885 og ein koloni i 1900. Ekvatorial-Guinea vart sjølvstendig i 1968 etter 190 år som den spanske kolonien, Spansk Guinea. President Mbasogo har styrt frå han tok makta i eit kupp i 1979.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Før sjølvstendet var landet avhengig av produksjon av kokos. Store petroleumressurser vart oppdaga 1996. Landet har etter kvart vorte det tredje mest oljeeksporterande landet sør for Sahara. Andre vigtige næringsvegar er skogbruk, landbruk og fiskeri.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Fleirtalet av folket i landet vert utgjort av folk med bakgrunn i Bantu- folket. Den største stamma, Fang-stamma, utgjer 80 prosent av folkesetnaden.

Kart over Ekvatorial-Guinea

Klima[endre | endre wikiteksten]

Både fastlandet og øyane utanfor kysten har eit typisk ekvatorialt klima med høge temperaturar, høg luftfukt, mykjeregn og mykje skyer året rundt. På fastlandet får kystsletta i året mellom 2400 og 4600 mm nedbør med to topper i året. Platået er noko tørrare. I Bioko kan ein få over 5000 mm i året. Middeltemperaturen er kring 26 °C og varierer lite gjennom året. Igjennom døgnet kan derimot temperaturen variere mellom 34 og 17 °C.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ekvatorial-Guinea