Ekvipotensiell temperatur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekvipotensiell temperatur, òg kalla Theta-e , er eit mål på stabiliteten til lufta ved eit visst trykk, fukt og temperatur. Viss ein tenkjer seg ein luftpakke med ein viss temperatur eit godt stykke over bakkenivå, der all fukt kondenserer og fell ut som regn, så kan den latente varmen som vert frigjeve brukast til å varme opp den tørre lufta. Temperaturen i ein slik luftpakke vert kalla ekvivalent temperatur. Ekvipotensiell temperatur får ein då ved å rekne oss langs tørr-adiabaten ned til havnivå. Til dømes kan luftpakken i utgangspunktet ligge i 1000 m høgd med ein ekvivalent temperatur på 5 °C. Visst ein senkar luftpakken tørr-adiabatisk (ca 1 °C/100 m) vil den ekvipotensielle temperaturen i dette tilfellet vere 5 °C + 10 °C = 15 °C.

Denne metoden kan ein bruke som eit mål på stabiliteten til lufta i forskjellige trykknivå.

Likninga for theta-e er som følgjer:

der:

  • = ekvivalent temperatur
  • T = Temperaturen i trykknivå p
  • = trykket (hPa)
  • = standard referanse trykk (1000 hPa)
  • = spesifikk gasskonstant for luft (287 J/(kg·K))
  • = spesfikk varme til tørrluft med konstant trykk (1004 J/(kg·K))
  • = latent varme frå fordamping ((2400 kJ/kg {ved 25 °C} til 2600 kJ/kg {ved -40 °C})
  • r = blandingsforholdet til vassdamp i luft.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]