Elazığ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Elâzığ)
Elazığ
by
Land  Tyrkia
Region Aust-Anatolia
Provins Elazığ
Høgd 1 067 moh.
Koordinatar 38°41′N 39°13′E / 38.683°N 39.217°E / 38.683; 39.217
Areal 2 221 km²
Folketal 347 857
Borgarmeister Şahin Şerifoğulları
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 23000
Retningsnummer 0424
Bilnummer 23
Kart
Elâzığ
38°40′00″N 39°13′00″E / 38.666666666667°N 39.216666666667°E / 38.666666666667; 39.216666666667
Wikimedia Commons: Elâzığ
Nettstad: www.elazig.bel.tr

Elazığ (armensk Խարբերդ; Kh'arberd/Harput, kurdisk Xarpêt) er ein by i Aust-Anatolia i Tyrkia og det administrative senteret i provinsen Elazığ. Han har kring 330 000 innbyggjarar og ligg på ei slette 1067 meter over havet. Byen ligger i nærheten av Kebandemningen i Eufrat.

Byen er eit knutepunkt for samferdsel og driv handel med jordbruksvarer og produksjon av vin. Det ligg eit arkeologisk og etnografisk museum i byen. Byen har eit universitetet frå 1975.

Byen vart grunnlagd i 1862 som garnisonsby kalla Marmuret el-Aziz. Elazığ utvikla seg opphavleg som ei utviding av den historiske byen Harput, som låg på ein ås og som var vanskeleg å nå om vinteren.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Elazığ har kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering: Dsa) med kalde og snørike vintrar og varme og tørre somrar.


Vêrdata for Elâzığ
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 12,4 17,3 26,4 32,2 34,4 38,4 42,2 41,2 37,8 31,7 21,8 19,6 42,2
Gjennomsnittleg maks °C 2,8 5 11,3 17,8 23,6 29,6 34,3 34,1 29,4 21,7 12,4 5,3 18,9
Gjennomsnittleg min °C −4 −3,1 1,1 6,4 10,5 15 19,3 18,9 14,2 8,9 2,7 −1,3 7,4
Lågast målte °C −16,5 −19,4 −17 −5,8 0 6,7 6,7 11 1 −1,5 −15,2 −17,7 −19,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 37,4 39,1 50,7 64,9 49,5 12,9 3,3 1,2 8,6 44,4 46,1 42,2 400,3
Gns. solskinstimar i månaden 89,9 112 173,6 207 288,3 354 387,5 365,8 300 223,2 144 77,5 2 722,8
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]