El Aaiún

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
El Aaiún
none
Land Flag of Morocco.svg Marokko
Region Laâyoune-Boujdour-Sakia El Hamra
Folketal 199 476
Tidssone Vestafrikansk tid (UTC+0)

El Aaiún (arabisk العيون, translitterert al-ˁūyūn, 'Kjeldene', også skrive Aaiún, Aiún, Al-Aaiún, Laâyoune og Layonn) er ein by i Vest-Sahara grunnlagt av Spania i 1928.[1] Sidan 1976 har byen vore administrert av Marokko,[2] som reknar Vest-Sahara som del av sitt territorium. El Aaiún høyrer til den marokkanske regionen Laâyoune-Boujdour-Sakia El Hamra, som ligg i både Marokko og Vest-Sahara. Polisario, som gjer krav på Vest-Sahara som Den saharawiske arabiske demokratiske republikken, reknar El Aaiún som hovudstad i landet, medan de facto hovudstad er Bir Lehlou.

Byen har eit folketal på 199 476 (2012 est.),[3] og er den største byen i Vest-Sahara. Byen er eit veksende økonomisk senter i det Marokko reknar som sine sørprovinsar. Innbyggjarane er ei blanding av marokkanarar frå nord, saharawiar frå sørleg marokkansk Sahara og innfødde vestsahararar (som utgjer ein femtedel av befolkninga).[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: El Aaiún

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. LookLex. «Laayoune – Metropolis in the sand». Henta 10. juli 2012.
  2. FNs generalforsamlings resolusjon 34/37 og 35/19.
  3. Stefan Helders (2012). «Morocco – largest cities (per geographical entity)». World Gazetteer. Henta 10. juli 2012.
  4. «Diplomacy over Western Sahara: Morocco v Algeria». The Economist, 4. november 2010.