El cóndor pasa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå El Cóndor Pasa)
Gå til: navigering, søk
El cóndor pasa
Song av
Utgjeve 1913
Sjanger Andinsk folkesong
Låtskrivar(ar) Daniel Alomía Robles
El condor pasa (If I Could)
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Bridge Over Troubled Water
B-side «Why Don't You Write Me»
Utgjeve September 1970
Innspelt November 1968 og
November 1969
Sjanger Folkrock
Lengd 3:06
Selskap Columbia Records
Produsent Paul Simon,
Art Garfunkel,
Roy Halee
Simon & Garfunkel-kronologi
«Cecilia»
(1970)
El condor pasa (If I Could) «America»
(1972)

«El cóndor pasa» er ein song frå zarazuelaen El cóndor pasa av den peruanske komponisten Daniel Alonía Robles, skriven i 1913 og basert på ein tradisjonell folkemelodi.

Han er truleg den best kjende peruanske songen verda over på grunn av ein coverversjon med Simon & Garfunkel frå albuma deira Bridge over Troubled Water (1970). Versjonen deira er kalla «El condor pasa (If I Could)». Simon høyrte ein versjon kalla «Pasa del condor» av Jorge Milchberg, som var leiar for gruppa Urubamba, tidlegare kjent som The Incas. Simon vart ven av gruppa gjennom denne songen og enda opp med å turnere med dei. Hans produserte òg det første amerikanske albumet deira.

Simon personleggjorde songen ved å leggje til sin eigen engelske tekst. På Simon & Garfunkel si utgåve er Robles, Milchberg og Simon alle oppført som låtskrivarar.

Seinare same år utgav Perry Como ein coverversjon av Simon & Garfunkel sin engelske versjonen på albumet sitt It's Impossible, medan Julie Felix drog fordel av Simon & Garfunkel si avgjersle om ikkje å gje han ut på singel i Storbritannia. Innspelinga hennar kom på den britiske singelista 15. april 1970 og låg der i elleve veker med nummer 19 som høgaste plassering. [1]

Simon & Garfunkel gav ut versjonen sin på singel i USA.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1913 komponerte Alonía Robles «El cóndor pasa» og songen vart først framført offentleg på Teatero Mazzi i Lima.[2]

Musikkgruppa Los Incas framførde songen i Paris i 1960-åra, der han vart høyrt av Paul Simon. Los Incas fortalde Simon at songen var komponert på 1800-talet av ein anonym komponist. Simon vart interessert i songen og skreiv ein ny tekst til han.

I 1970 gjorde sonen til Alonía Robles, Armando Robles Godoy, eit søksmål mot Simon og demonstrerte at songen hadde vorte komponert av faren hans og at han hadde opphavsrett på denne i USA i 1933. Godoy sa at han ikkje følte fiendskap overfor Simon for det han rekna det som ei mistyding.[3] Det var nestan ei vennleg rettssak, for Simon var særs respektfull overfor andre kulturar. «Det var ikkje gjort med vilje frå sida hans», sa Robles. «Han høyrde tilfeldigvis songen i Paris med ei innfødd gruppe. Han likte songen, han gjekk for å spørje dei og dei gav han feil informasjon. Dei fortalde at det var ein populær melodi frå det attande hundreåret og ikkje komposisjonen til faren min. Det var ei rettssak utan ytterlegare komplikasjonar»

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Den spanske eurodance-disc jockeyen, DJ Sammy, hadde ein eurodanceversjon på albumet sitt, Heaven. Teksten blir likevel talt og er ikkje Paul Simon sin.'
  • Den russiske popstjerna Valery Leontiev utgav songen på albumet sitt The year of wanderer (2009).

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Eric Aster har skrive ein norsk tekst. På norsk ber den tittelen «Det var ein gong». Eli Tanja har spelt inn songen. Han vart gjeven ut på singlen Columbia GN 1847 i 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: El Cóndor Pasa