El Español de la Historia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

El Español de la Historia («Tidenes spanjol») var eit TV-program på kanalen Antena 3 som vart sendt i mai 2007. Programmet var basert på BBC sitt program 100 Greatest Britons. 3 000 personar vart spurde kven som var den største spanjolen gjennom tidene.

Programmet var leidd av Matías Prats og Susanna Griso. Vinnaren vart den noverande kongen av Spania, Juan Carlos I.

Programmet vart kritisert av enkelte historikarar for å i hovudsak fokusere på personar frå nyare historie og dagens Spania. Nokre nøkkelpersonar frå spansk historie vart i stor grad ignorerte.

Dei største spanjolane gjennom tidene (topp 50)[endre | endre wikiteksten]

Nr. 8 – Pablo Picasso
  1. Juan Carlos I av Spania – noverande konge og statsoverhovud
  2. Miguel de Cervantes – romanforfattar, poet, kunstmålar og skodespelforfattar
  3. Christofer Columbus – navigatør, kolonist og oppdagar
  4. Sofia av Spania – noverande dronning
  5. Adolfo Suárez – politikar og tidlegare president
  6. Santiago Ramón y Cajal – histolog og lege
  7. Prins Felipe de Borbón – noverande prins av Asturias
  8. Pablo Picasso – kunstmålar, teiknar og skulptør
  9. Santa Teresa de Jesús – mystikar, karmelittnonne og forfattar
  10. Felipe González – politikar og tidlegare president
  11. Isabella I av Castilla – tidlegare regjerande dronning av Castilla og León
  12. Severo Ochoa – biokjemikar
  13. Federico García Lorca – poet og dramatikar
  14. José Luis Rodríguez Zapatero – politikar og noverande president
  15. Letizia Ortiz – noverande prinsesse av Asturia
  16. Salvador Dalí – kunstmålar
  17. Antoni Gaudí – arkitekt
  18. Rodrigo Díaz de Vivar, El Cid – adelsmann, militær og politisk leiar
  19. Alfonso X El Sabio – tidlegare konge av Castilla, León og Galicia
  20. Fernando Alonso – Formel 1-førar
  21. Francisco de Goya – kunstmålar og grafikar
  22. Francisco Franco – general og tidlegare statsoverhovud
  23. Antonio Machado – poet
  24. Miguel Induráin – syklist
  25. Miguel Serveto – teolog, lege og humanist
  26. Lola Flores – songar, dansar og skodespelar
  27. Felipe II – tidlegare konge
  28. Carlos I – tidlegare konge og keisar av det heilage romerske riket
  29. Rocío Jurado – songar og skodespelar
  30. Gregorio Marañón – lege, vitskapsmann, historikar, forfattar og filosof
  31. Diego de Silva Velázquez – kunstmålar
  32. Isabel Pantoja – songar
  33. José Ortega y Gasset – filosof
  34. Miguel de Unamuno – essayist, romanforfattar, poet, skodespelforfattar og filosof
  35. José María Aznar – politikar og tidlegare president
  36. Vicente Ferrer – dominikanarmisjonær og logikar
  37. Camilo José Cela – forfattar
  38. Pedro Duque – astronaut
  39. Dani Pedrosa – motorsykkelførar
  40. Pau Gasol – NBA-basketballspelar
  41. David Bisbal – popsongar
  42. Rafael Nadal – tennisspelar
  43. José Monje Camarón, Camarón de la Isla – flamencosongar
  44. Pelagius av Asturias – grunnleggjar av kongeriket Asturias
  45. Juan Ramón Jiménez – poet
  46. Santiago Carrillo – politikar
  47. Antonio Banderas – skodespelar og songar
  48. San Ignacio de Loyola – stiftar av jesuittorden
  49. Pedro Almodóvar – filmregissør, dramatikar og produsent
  50. Juan Sebastián Elcano – seglar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]