El Estrecho naturpark

Koordinatar: 36°01′52″N 5°38′27″W / 36.03111°N 5.64083°W / 36.03111; -5.64083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over El Estrecho naturpark i Andalusia.

El Estrecho naturpark (spansk Parque Natural del Estrecho) er eit verna naturområde i Andalusia i Spania som ligg på nordsida av Gibraltarsundet. «El Estrecho» tyder 'sundet'.

Landskap i El Estrecho naturpark, med utsyn over Gibraltarsundet til Marokko.
Skogselv i naturparken.

El Estrecho naturpark er det sørlegaste verneområdet i Europa. Han blei skipa i 2003. Parken ligg mellom Cabo de Gracia ved Bolonia i vest og Punta del Carnero ved Algeciras i aust. Han dekkjer eit område på 189,1 km² (18,931 hektar).[1]

Parken ligg ved møtestaden mellom Atlanterhavet og Middelhavet, noko som gjev han eit særskilt havmiljø. Plasseringa mellom Afrika og Europa set han også på ruta til mange trekkfuglar.[1]

El Estrecho har også fleire fortidsleivningar: Holemåleri frå steinalderen, ruinar etter den romerske byen Baelo Claudia, som dreiv med fiskesausproduksjon, og fleire vakttårn langs kysten.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Williams, Jo. «Estrecho Natural Park». Andalucia.com. Henta 5 June 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

36°01′52″N 5°38′27″W / 36.03111°N 5.64083°W / 36.03111; -5.64083

Spire Denne biologiartikkelen som har med Spania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.