Prikksmettimal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Elachuridae)
Prikksmettimal
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1892, Public domain
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1892, Public domain
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Elachuridae
Slekt: Elachura
Art: Prikksmettimal E. formosa
Vitskapleg namn
Elachura formosa

Prikksmettimal (Elachura formosa) er ein sporvefugl med leveområde i skogshabitat i det austlege Himalaya og i Søraust-Asia. I dei seinare åra var han inkludert i timalslekta Spelaeornis ved vitskapleg namn Spelaeornis formosus, men molekylære fylogenetiske studium i 2014 gav prov for at han er avgjort ulik timalar og heller ein del av ei basal avstamming som tidleg skilte seg frå felles forfedrar. Han har ingen andre nære slektningar innanfor kladen Passeri. Dette førte til skipinga av ein ny familie, Elachuridae, for å klassifisere berre éin art, som eit monotypisk takson.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Prikksmettimalar måler 10 cm inkludert den korte halen. Fjørdrakta er mørk brun, med raudbrune venger og hale. Dei har kvite flekker over heile kroppen, som skiftar til svarte tverrstriper på oversida av venger og hale.

Dette er ein insektetar som lever i Bangladesh, Bhutan, Kina, India, Laos, Myanmar, Nepal, og Vietnam. Det naturlege habitatet er subtropiske eller tropiske fuktige alpine skogar med tett underskog av for eksempel bregner, kvister og rotnande trestammer av falne tre, ofte i nærleiken av strøymande vatn. Leveområdet ligg i høgder mellom 300 og 2400 moh.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alström, Per; Hooper, Daniel M.; Liu, Yang; Olsson, Urban; Mohan, Dhananjai; Gelang, Magnus; Manh, Hung Le; Zhao, Jian; Lei, Fumin; Price, Trevor D. (2014). «Discovery of a relict lineage and monotypic family of passerine birds». Biol. Lett. 10 (3). doi:10.1098/rsbl.2013.1067. 
  2. Collar, N., Robson, C. & de Juana, E. (2007). Spotted Wren-babbler (Elachura formosa). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (henta 7. januar 2015).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Prikksmettimal