Eland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eland

Status i verda: LC Livskraftig[1]

Foto: Lip Kee

Foto: Lip Kee

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Underorden: Ruminantia
Familie: Bovidae
Underfamilie: Bovinae
Slekt: Taurotragus
Art: T. oryx
Vitskapleg namn
Taurotragus oryx

Eland (Taurotragus oryx) er ein stor antilopeart som lever i sørlege og austlege Afrika. Han er noko mindre enn den største antilopearten, kjempeeland. Namnet «eland» tyder 'elg' på nederlandsk.

Ung eland.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Eland har ei skulderhøgd på 130-180 cm.[2] Hanndyra er større enn hoene. Gjennomsnittleg skulderhøgd for ein hann er rundt 1,6 meter, medan hoene er rundt 20 cm lågare. Vekta til ein vaksen hann er i gjennomsnitt 500–600 kg, medan ho er 340–445 kg for hoer.[3]

Dyra har glatt pels men ein stri man. Pelsfargen er lysebrun eller besj, medan eldre hannar kan vera meir grålege eller blålege på farge. Begge kjønn har svakt bøygde horn som snor seg to gonger. Hoene har lengre og tynnare horn enn hannen, med ei lengd på opptil 68 cm. Hannane har horn på opptil 65 cm.[2]

Elandflokk i Sør-Afrika.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Elanden er planteetar og drøvtyggjar. Han lever av gras og lauv i opne skoglandskap og på på dei halvtørre savannane i Sør-Afrika, Namibia, Zimbabwe og tilstøytande land lengre nord. Akasietre er mykje skatta av elanden, men han kan leva på mange ulike plantar.[4] Dyra held seg unna ørken, tett skog og sumpområde.[1]

Antilopen kan nå ein fart på 70 km/t.[2] Som regel spring han i 40 km/t, og kan halda denne farten i lang tid. Han toler ein temperaturauke i kroppen på heile 7° C under fart.[4] Han kan hoppa over hinder på opptil 1,5 meter.[2]

Levealderen til elanden er vanlegvis 15-20 år, men dei kan bli opptil 25 år. Fostertida er 9 månader og det blir fødd ein enkelt kalv om gongen.[2] Fødslar kan skje til alle årstider. Kalvane diar i eit halvt år før dei dannar ungdyrgrupper.[2]

Dyra er svært selskapelege. Vaksne hoer held til i flokkar på nokre titals til fleire hundre dyr, medan yngre hannar lever isolert i smågrupper på 3-4 dyr. Eldre hannar lever åleine. Med jamne mellomrom går hannane saman med hoene i eit par timar til fleire veker.

Dei viktigaste rovdyra som tek eland er løve, leopard, flekkhyene og afrikansk villhund.[2] Ved rovdyråtak vil dei vaksne dyra gå saman og forsvara kalvane, noko som er svært uvanleg blant antiloper.[4]

Holemåleri av eland laga av sanfolk i Drakensberge i Sør-Afrika.
Utbreiinga av eland i Afrika.

Eland og menneske[endre | endre wikiteksten]

Menneske har lenge jakta på eland for kjøt og hud. I nyare tid har ein også byrja halda han som husdyr i Sør-Afrika, Zimbabwe, England, Ukraina og Russland.[1] Dei veks raskare enn kyr og har høgare feitt- og proteininnhald i mjølka.[4] Dyra er generelt rolege og treng lite vatn, men treng derimot ofte kosttilskot, store beiteområde og høge, solide gjerde.[5]

Den ville bestanden av eland er framleis stor (ca 136 000 individ), men viser tilbakegang. Press på leveområda frå folkevekst og krig har ført til at utbreiingsområdet til dyret er meir enn halvert. I dag lever rundt halvparten av ville elandar i naturvernområde, medan litt under ein tredel lever på privateigd mark.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Antelope Specialist Group 2008, Taurotragus oryxIUCN si raudliste, vitja 4. januar 2013.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Brent Huffman, Taurotragus oryx Ultimateungulate.
  3. Pappas, LA; Elaine Anderson, Lui Marnelli, Virginia Hayssen (5 July 2002), «Taurotragus oryx» (pdf), 'Mammalian Species' 689: 1–5, http://www.science.smith.edu/msi/pdf/689_Taurotragus_oryx.pdf . Oppgjeven av Engelsk Wikipedia.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Elandantilopen, Borås djurpark
  5. Harris, H (April 30, 2010). «Husbandry Guidelines For The Common Eland» (PDF). http://nswfmpa.org/Husbandry%20Manuals/Published%20Manuals/Mammalia/Common%20Eland.pdf. Henta 2012-04-14. . Oppgjeven av Engelsk Wikipedia.