Elano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elano
Personleg informasjon
Namn Elano Ralph Blumer
Fødselsdato 14. juni 1981
Fødestad Iracemápolis i Brasil
Høgd 175 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Galatasaray
Draktnummer 9
Ungdomsklubb
1998-99
2000
Brasil Guarani
Brasil Inter de Limeira
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2001-04
2004-07
2007-09
2009-
Brasil Santos
UKraina Sjakhtar Donetsk
Flag of England.svg Manchester City
Tyrkia Galatasaray
129 (34)
49 (14)
62 (14)
22 (3)
Landslag**
2004- Brasil Brasil 42 (6)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 12. desember 2009.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 12. desember 2009.

Elano Ralph Blumer (fødd 14. juni 1981 i Iracemápolis i delstaten São Paulo) er ein brasiliansk fotballspelar som spelar på midtbanen for Galatasaray i den tyrkiske fotballigaen, og for landslaget til Brasil.

Elano spelte i tre år i storklubben Santos og vann den brasilianske serien med dei i 2004. Same året drog han til Europa og Sjakhtar Donetsk i Ukraina. Etter tre år i Ukraina, der han var med på å vinna serien i 2005 og 2006, vart han kjøpt for 8 millionar britiske pund av Manchester City, 2. august 2007. Etter ein vellukka første sesong, der han vart klubben sin toppskårar i Premier League med 8 seriemål, fekk han problem med å halda ein fast plass på laget i 2008/09-sesongen. 30. juli 2009 skreiv han under for den tyrkiske toppklubben Galatasaray.

Elano debuterte for Brasil sitt A-landslag i oktober 2004. Då han spelte for Brasil mot Noreg 16. august 2006, vart han den første spelaren frå den ukrainske fotballigaen til å spela på Brasil sitt landslag. Han var med på Brasil sitt lag som vann Copa América i 2007.