Elbilen Buddy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
El-bilen Buddy

Buddy er ein norsk elbil, som vart produsert av Elbil NorgeØkern i Oslo fram til oktober 2011. Ved nedlegginga hadde Buddy 26 % av marknaden i Norge.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Buddy var sjette generasjon av det elektriske køyretøyet Kewet. Opphavleg vart Kewet utvikla i Danmark der den første modellen kom i 1991. Produksjonen vart flytta mellom Danmark og Tyskland. Då i overkant av 1 000 elbilar var produsert, fordelt på fem utviklingstrinn og seld i 18 land, vart alle rettane overtatt av ElBil Norge AS (het da Kollega Bil AS) i 1998. I nokre år utvikla ElBil Norge elbilen vidare og hausten 2005 kom den nye modellen som først heitte Kewet Buddy Citi-Jet 6, no blir den kalla berre Buddy. 28. oktober 2011 meldte foretaket oppbod etter å ikkje å ha lykkast med å skaffe nok kapital til å ta elbilen internasjonalt. Ved oppbodet var det 33 som arbeidde i selskapet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. oktober 2011, henta 31. oktober 2011 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]