Elde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elde
Løftebru over Elde i Plau am See
Løftebru over Elde i Plau am See
Utspring Nær Altenhof
- Høgd 82 m
Munning Löcknitz
- Høgd 13 m
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Lengd 220 km
Middelvassføring 11 m³/s
Nedslagsfelt 2 990 km²

Elde er ei elv i Mecklenburg-Vorpommern og Brandenburg nord i Tyskland og ei av sideelvane til Löcknitz frå høgre med ei lengd på 220 km. Ho har sitt utspring nær Altenhof, sør for Malchow. Ho renn først søraustover mot den sørlege enden av innsjøen Müritz, som ho renn uti ved Vipperow. Ho renn ut av Müritz i nord, nær Waren. Elva snur så vestover og renn gjennom ei rekkje vatn og gjennom byen Malchow fram til Plauer See. Ho renn ut av Plauer See ved Plau am See og held fram vest- og sørvestover gjennom Lübz, Parchim, Neustadt-Glewe og Grabow. Elde munnar ut i Löcknitz (som igjen er ei sideelv til Elbe) i Eldenburg, ein del av Lenzen. Det meste av lengda hennar (180 km) er framkommeleg.

Kart over Elde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]