Eldfell

God artikkel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 63°25′56″N 20°15′00″W

Eldfell
fjell
Eldfell.
Foto: Hansueli Krapf
Land  Island
Kart
Eldfell
63°25′50″ N 20°14′48″ W
Wikimedia Commons: Eldfell

Eldfell (utt. eld-fedl, tyder 'eldfjell') er ein om lag 200 meter høg sinderkjeglevulkan på den islandske øya Heimaey, som vart danna då eit vulkanutbrot overraskande byrja 23. januar 1973, like utanfor byen Heimaey.

Utbrotet utløyste ei alvorleg krise og førte nesten til ei permanent evakuering av øya. Vulkansk oske fall over mesteparten av øya og øydela mange hus. Ein straum av lava trua med å fylle igjen hamna, som var hovudinntektskjelda til øya via fiskeriflåten. Ein operasjon vart sett i gang for å kjøle ned lavaen ved å pumpe sjøvatn på toppen av han, noko som var vellukka og hindra lavaen frå å stenge hamna.

Luftbilde av Heimaey frå 2009 med Eldfell til høgre.

Etter at utbrotet var over, brukte øyfolket varmen frå den sakte avkjølande lavaen til å produsere varmt vatn og generere elektrisitet. Dei brukte òg noko av tefraen, nedfall frå dei eksplosive utbrota, for å forlenge rullebanen på øya sin litle flyplass, og som fyllmateriale som dei bygde 200 nye hus på.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Island høyrer til ein region med hyppige vulkanske utbrot på grunn av plasseringa si midt på Den midtatlantiske ryggen, der den nordamerikanske plata og den eurasiatiske plata flyttar seg bort frå kvarandre, og plasseringa over den islandske søylestraummen, noko som drastisk aukar den vulkanske aktiviteten. Det er estimert at rundt ein tredjedel av all basaltisk lava frå vulkanutbrot i verda i historisk tid, har vorte produsert gjennom islandske utbrot.

Vestmannaeyjar ligg utanfor sørkysten av Island og består av fleire små øyar som alle er danna av vulkanutbrot i den holocenske tidsepoken. Heimaey, som er den største øya i øygruppa og den einaste busette, består òg av litt materiale frå den pleistocenske tida. Det mest synlege landskapstrekket på Heimaey før 1973, var Helgafell – ei 200 meter høg vulkankjegle som vart danna i eit utbrot for rundt 5 000 år sidan.

Øygruppa vart busett første gong rundt 874, opphavleg av rømte irske trælar som høyrte til vikingar på det islandske fastlandet. Desse busetjarane gav øygruppa namnet sitt – då Irland var vest for det skandinaviske fastlandet. Sjølv om øya har vore plaga av dårleg vassforsyning og sjørøvarverksemd gjennom mykje av historia si, har ho likevel vorte det viktigaste senteret for Island sin fiskeindustri, med ei av dei få gode hamnene på sørsida av landet, og med ei plassering midt på ein god fiskebanke.

Etter at området vart busett har det ikkje vore nokre kjende utbrot på øygruppa før i 1963, då øya Surtsey vart skapt gjennom eit nesten fire år langt utbrot som byrja i havet rundt 20 kilometer sørvest for Heimaey. Undersjøiske utbrot kan elles òg ha funne stad i 1637 og 1896. Forskarar har spekulert i om vulkansk aktivitet ved øygruppa kan ha auka på grunn av sørleg riftsonen som kryssar Island kan ha flytta seg sørover.

Utbrotet byrjar[endre | endre wikiteksten]

Kart over Heimaey med dei nye kystlinjene vulkanutbrotet skapte.

21. januar 1973, ca. kl. 20.00, byrja ei rekkje med små jordskjelv i området rundt Heimaey. Skjelva var for svake til at dei kunne følast av folkesetnaden på Island, men ein seismisk stasjon 60 km unna registrerte over 100 større skjelv den 22. januar i tidsrommet 01.00–03.00. Skjelva heldt fram i mindre tal fram til kl. 11 same dag, då dei hadde eit opphald fram til kl. 23.00 om kvelden. Frå kl. 23.00 til 01.34 på morgonen 23. januar, vart det registrert sju skjelv, der det kraftigaste målte 2,7 på richterskalaen.

Små skjelv er ganske vanlege i forkastingssoner, og det var ingenting i desse målingane som varsla om eit større vulkanutbrot. Byrjinga av utbrotet var derfor nesten heilt uventa. Rundt kl. 01.55 om morgonen 23. januar, opna ei rivne opp på austsida av øya, knapt ein kilometer unna sentrum av byen Heimaey, rundt 200 meter aust for Kirkjubær, der kyrkja på øya ein gong stod.

Rivna spreidde seg raskt til ei lengde på to kilometer og strekte seg frå den eine breidda til den andre. Det var òg undervassaktivitet rett utanfor øya ved dei nordre og sørlege endane av sprekken. Spektakulære lavafontener kunne ein sjå langs heile sprekken, som nådde ei maksimal lengd på rundt tre km i løpet av dei første få timane av utbrotet. Men aktiviteten konsentrerte seg snart rundt ei opning rundt 800 meter nord for den gamle vulkanske kjegla frå Helgafell, og rett utanfor den austre utkanten av byen.

I den første tida av utbrotet vart mengda av lava og tefra som kom ut estimert til å vere rundt 100 m³ per sekund, og i løpet av dei to første dagane hadde lavafontenane bygd ei sinderkjegle som var over 100 meter høg. Namnet som opphavleg vart gjeve den nye vulkanen var Kirkjufell ('kyrkjefjell'), på grunn av at han låg nær Kirkjubær. Namnet vart ikkje teke opp av den islandske namngjevingskomiteen som heller valde Eldfell, trass i motstand hos dei lokale innbyggjarane.

Evakuering[endre | endre wikiteksten]

I dei første timane av utbrotet evakuerte det islandske sivilforsvaret heile folkesetnaden på Heimaey, noko det tidlegare hadde vorte utvikla evakueringsplanar for, i tilfelle noko slikt skulle skje. Evakueringa var nødvendig på grunn av at lavastraumane allereie flytta seg sakte men sikkert mot austdelen av byen, og heile øya var trua av sjansen for oskeregn.

På grunn av kraftig uvêr i dagane før utbrotet låg nesten heile fiskeflåten i hamn – eit heldig samantreff som i stor grad hjelpte til ved organiseringa av den hurtige evakueringa. Innbyggjarane vart varsla om situasjonen av brannbilar med sirener, og samla seg ved hamna med berre dei eigedelane dei var i stand til å bere med seg. Den første båten forlet øya rundt kl. 02.30, berre ein halvtime etter at utbrotet hadde starta.

Mesteparten av innbyggjarane forlet øya med båt. Heldigvis gjorde ikkje lavastraumane og tefraen i byrjinga noko skade på flystripa på øya, og nokre få personar som ikkje var i stand til å reise med båt, vart evakuert luftvegen – primært eldre menneske og pasientar ved sjukehuset. I løpet av seks timer etter at utbrotet starta, var nesten alle av dei 5 300 innbyggjarane på øya trygt på fastlandet. Nokre få personar var attende for å utføre viktige oppgåver og for å redde eigedelar frå hus som stod i fare for å verte slukt av lavastraumane. Kyr, hestar og sauer på øya vart naudslakta.

Hus vert øydelagde og nytt land vert skapt[endre | endre wikiteksten]

Fleire hus vart gravlagd av oske.

Hus som låg nær rivna vart snart øydelagde av lavastraumen og tefranedfall. Nokre få dagar etter at utbrotet hadde byrja, snudde vinden brått over til vestavind, noko som resulterte i omfattande nedfall av tefra over resten av øya, med påfølgjande store øydeleggingar på eigedomar. Mange hus vart øydelagde av vekta frå oska, men redningsmannskapa såvel som frivillige arbeidde jamnt med å fjerne oske frå hustak. Igjensnekring av vindauge redda ytterlegare hus. Ved slutten av februar dekte tefra det meste av øya og laget var enkelte stader opptil 5 meter tjukt. Bortsett frå fallande oske var det nokre hus som òg brann ned til grunnen etter å ha vorte trefte av lavabomber, eller stod direkte i vegen for dei framrykkande lavastraumane.

Tidleg i februar hadde det kraftige nedfallet av tefra minka, men lavastraumar byrja å skape alvorleg skade. Undersjøisk aktivitet rett nord for rivna hadde kutta over ein elektrisk kabel og ein vassleidning som forsynte øya med elektrisitet og vatn frå det islandske fastlandet. Lava byrja òg å strøyme inn i hamna, noko som skapte alvorleg uro då islandsk fiskeindustri ville verte påført alvorleg skade dersom hamna vart øydelagd. Sidan Heimaey stod for 25 % av Island sin totale fiskefangst, ville det få alvorlege følgjer for landet sin økonomi.

Straumar av lava rann òg ut i havet aust for øya, noko som skapte eit nytt landområde som til slutt auka arealet til Heimaey med over 2 km². Lavaen strøymde i tillegg inn i dei austlege delane av byen, noko som øydela fleire hundre hus. Lavastraumane bestod av den tjukke og blokktypen lava kalla aa-lava, og dekte bakken i ei gjennomsnittleg høgd på 40 meter, men var enkelte stader så tjukk som 100 meter. Seinare under utbrotet førte ei oppblussing til at ein fiskeforedlingsfabrikk vart øydelagd og to andre skada, og i tillegg vart byen sin einaste kraftstasjon heilt øydelagd.

Trass i at utbrotet låg nær byen og den omfattande øydelegginga av eigedom det medførte, var det berre eitt dødsfall som kunne tilskrivast utbrotet – ein mann som hadde brote seg inn på eit apotek for å stele medikament vart kvelt av dei giftige gassane. Karbondioksid og små mengder giftige gassar samla seg i mange bygningar som var delvis gravlagde av tefra, og fleire andre menneske vart påverka av gassane då dei gjekk inn i desse bygningane.

For å redusere faren for at giftige gassar skulle samle seg opp, vart det bygd ein stor vegg av tefra for å leie gassar vekk frå byen, i tillegg til graving av ei grøft for å leie vekk karbondioksid. Desse forsvarsverka var berre delvis vellukka, då dei baserte seg på den føresetnaden at gassane vart produsert ved vulkanopninga og flytta seg mot byen derfrå. Ein meiner at i alle fall noko av CO&sub2;en hadde opphav djupt inne i den vulkanske åra, og seiv gjennom eldre vulkansk stein direkte inn i byen.

Tiltak for å avkjøle lavastraumen[endre | endre wikiteksten]

Damp stig til vers der sjøvatn vert brukt til å avkjøle lavastraumen.

Sjansen for at lavastraumen kunne stenge ned hamna var den største trusselen som innbyggjarane stod overfor. Ein mogeleg plan som vart vurdert dersom hamna vart stengd av, var å lage ein kanal gjennom ei låg sandtunge på nordsida av øya for å lage ei ny opning inn i hamna, men det vart spekulert i at dette ikkje ville verte nødvendig dersom farten på lavastraumen kunne reduserast. Straumar av lava hadde tidlegare vorte bremsa på Hawaii og på Etna ved å pøse på med vatn, men i desse tilfella hadde det vore i svært liten skala, og med varierande hell. Elles rekna Páll Zóphóníasson at det burde vere relativt enkelt å størkne lavastraumane ved å pøse på med rikelege mengder sjøvatn.

Det første forsøket på å bremse straumen av lava ved å spyle framkanten med sjøvatn, byrja den 7. februar, og sjølv om vassvolumet var relativt lite med 100 l/sekund, hadde det merkbar verknad. Vassavkjølinga av lavaen gjekk sakte, men oppnådde maksimal effekt sidan nesten alt vatnet vart omdanna til damp. Straks effekten av avkjølinga hadde vist seg, auka innsatsen med å bremse og til slutt stanse straumen av lava.

Tidleg i mars vart pumpekapasiteten auka då ein stor klump av krateret brotna laus frå toppen av Eldfell og sakte glei på toppen av lavastraumen nedover mot hamna. Klumpen, som fekk namnet Flakkarinn ('Vandraren'), ville ha utgjort ein alvorleg trussel mot hamna dersom han hadde nådd heilt ned, og oppmudringsbåten «Sandey» vart henta inn den 1. mars for å hindre dette. Professor Sigurgeirsson gav råd til pumpemannskapa om korleis dei best kunne bremse lavastraumen på den mest effektive måten. Omsider delte klumpen seg i to mindre bitar som begge stoppa rundt 100 meter frå hamnemunningen.

Den påfølgjande lavakjøleaksjonen var det mest ambisiøse som nokonsinne hadde vorte sett i verk. «Sandey» hadde kapasitet til å sprute opp til 400 liter sjøvatn per time på den framrykkande lavastraumen, og eit røyrsystem vart lagt på toppen av lavaen for å fordele sjøvatnet over eit så stort område som mogeleg. Støtteverk i tre for røyrsystemet tok fyr der lavaen var på sitt varmaste, og sjølv aluminiumsstøtteverk smelta. Sjølve røyra vart elles hindra frå å smelte av det kalde sjøvatnet som rann gjennom dei. Opp mot 1,2 hektar av lavastraumen kunne med dette kjølast ned samstundes med det resultat at interne barrierar vart skapt direkte inne i lavastraumen, som størkna og hopa seg saman oppå seg sjølv.

Størkna lava inne i byen, nesten 4 månader etter at han slutta å flytte seg.

Arbeidet som måtte til for å legge røyrleidningane over den aktive lavaen var ekstremt farleg, med dårleg sikt på grunn av den omfattande mengda med damp. Grove spor vart lagt oppå lavastraumen ved å planere tefra, men desse spora vart fort ujamne og flytta seg fleire meter om dagen. Arbeidarane brukte bulldosarar og walkie-talkiar for å flytte seg framover gjennom dampen i arbeidet med å legge ned fleire røyrleidningar. Arbeidarane kalla seg sjølv Sjølvmordslaget og presterte å legge røyrleidningar opp til 130 meter innover frå framkanten av lavastraumen direkte oppå den framrykkande lavaen. Sjølv om fleire fekk mindre brannskadar, vart likevel ingen alvorleg skada.

Ved utgangen av mars hadde ein femtedel av byen vorte dekt av lavastraumane, og større pumpekapasitet var nødvendig. 32 pumper, kvar med ein kapasitet på opptil 1 000 liter i sekundet, vart henta inn frå USA. Etter at desse vart sett i sving, bremsa lavastraumen drastisk og stoppa til slutt heilt opp. Svikt i pumpeakslingane vart eit problem etter nokre få veker, truleg på grunn av at pumpene var konstruert for å pumpe olje og ikkje sjøvatn, og nye og betre akslingar måtte lagast i Reykjavík og så førast inn.

Under lavakjøleoperasjonen vart det avsett store mengder salt der sjøvatnet vart sprøyta på lavaen. Store flater av lavastraumen hadde utstrakte kvite skorper, og ein meinte at opp imot 220 000 tonn salt totalt vart avsett.

Mediedekking av utbrotet[endre | endre wikiteksten]

Utbrotet førte over heile verda til store avisoverskrifter då det byrja, og islandsk presse hadde heildekning av utbrotet heilt til siste slutt. I Europa var utbrotet ei av dei største nyhenda medan det stod på, og konkurrerte om førstesideplass med gjennombrota som vart gjort i fredssamtalane for Vietnamkrigen i Paris. Øybuarane sin innsats med å avkjøle lavastraumane vart vigd spesiell merksemd med dekning i publikasjonar som National Geographic (til dømes Volcano overwhelms an Icelandic village i 1973). Dekninga av utbrotet førte til ei oppbløming av turismen då utbrotet var over.[1]

Utbrotet døyr ut[endre | endre wikiteksten]

Diagram som viser endringane som utbrotet av Eldfell medførte på Heimaey.

Volumet av ny lava som kom ut frå opninga minka jamnt etter dei første dagane. Frå den opphavlege mengda på 100 m³ per sekund, hadde det 8. februar minka til rundt 60 m³/s. Ved midten av mars var volumet nede i berre 10 m³/s. Tilbakegangen minka etter dette, og i midten av april hadde volumet av ny lava fall til rundt 5 m³/s.

Kortvarig undersjøisk aktivitet vart 26. mai oppdaga av eit fiskefartøy rundt 4 km nordaust for Heimaey og ein kilometer utanfor kysten av fastlandet. Utbrotet døydde fullstendig ut i byrjinga av juli då lavastraumar ikkje lenger var synlege, sjølv om det framleis kan ha vore straumar under bakken nokre dagar etter dette. Kort tid før utbrotet var over, registrerte eit tiltmeter som var plassert 1 150 m frå krateret, og som hadde målt deformasjon av bakken, ei nedsenking mot krateret – noko som indikerte at det grunne magmakammeret som hadde gjeve tilførsel av magma til utbrotet, var i ferd med å tømmast.

Totalt vart det estimert at rundt 0,25 km³ med lava og tefra hadde vorte slept ut i løpet av det 5 månader lange utbrotet. Øya sin landmasse auka med rundt 2,5 km², noko som var ein auke på rundt 20 % over arealet frå før utbrotet. Innløpet til hamna hadde ved slutten vorte langt smalare, men var ikkje avstengt. Flakkarinn flaut fleire hundre meter mot hamna på toppen av lavastraumen, men stoppa i trygg avstand frå vasskanten.

Heimaey etter utbrotet[endre | endre wikiteksten]

Gate etter opprydding av størkna lava.

Temperaturen på dei indre delane av ein lavastraum kan vere fleire hundre grader i mange år på grunn av den svært låge varmekonduktiviteten bergartane har. Etter at utbrotet døydde ut, byrja forskarar å evaluere sjansen for å utvinne varme frå dei størkna, men framleis varme lavastraumane. Eksperimentelle oppvarmingssystem vart raskt tenkt ut, og alt i 1974 vart den første husstanden kopla til. Systemet vart utvida til fleire bustader og til sjukehuset, og i 1979 starta bygginga av fire større anlegg for å utvinne varme frå den størkna lavaen. Kvart anlegg vann ut energi frå eit 100 m² stort område på kvar side ved å sive vatn ned i varme delar for deretter å samle opp igjen dampen som vart danna. Anlegga kunne produsere opptil 40 Megawatt med straum, som då forsynte nesten kvart hus på øya med varmt vatn.

Helgafell (til venstre) og Eldfell (til høgre) i dag. Sprekken frå 1973 kan ein tydeleg sjå sør for Eldfell.

Overfloden av tefra som vart produsert av utbrotet vart brukt til å forlenge rullebanen på øya sin litle flyplass og til landvinning, der 200 nye bustader vart bygd. Ved midten av 1974 hadde halvparten av innbyggjarane frå før utbrotet, returnert til øya, og i mars 1975, hadde rundt 80 % flytta tilbake. Gjenoppbygginga av Heimaey vart betalt for av alle øybuarane ved hjelp av ei pantsettings-omsetningsavgift, såvel som gjennom ein internasjonal hjelpepakke på totalt 2,1 millionar amerikanske dollar, som i hovudsak kom frå Danmark, men òg med store bidrag frå USA og fleire internasjonale organisasjonar. Med hamna utbetra med ein ny lava-molo kom fiskenæringa tilbake med fornya kraft, og øya er i dag framleis eit av Island sine viktigaste fiskerisentrum.

Då utbrotet døydde ut var Eldfell 220 moh. Sidan då har høgda minka med mellom 18 og 20 meter på grunn av samansenking og samanpressing av den lause, grusete tefraen, i tillegg til erosjon på grunn av vind. Øybuarane har planta gras rundt dei nedre delane av den elles udekte høgda for å hindre vidare erosjon, og det er venta at mesteparten av vulkanen etterkvart vil vere dekt av gras, slik som nabovulkanen Helgafell er.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Eldfell» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2007.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Center for Short-Lived Phenomena Event Reports 1545, 1547, 1552, 1567, published by the Smithsonian Institution
      • Kristjansson L., Simon I., Cohen M.L., Björnsson S. (1975), Ground tilt measurements during the 1973 Heimaey eruption, Journal of Geophysical Research, v. 80, s. 2951–2954
      • Lava-Cooling Operations During the 1973 Eruption of Eldfell Volcano, Heimaey, Vestmannaeyjar, Iceland, U.S. Geological Survey Open-File Report 97–724
      • Mattsson H., Hoskuldsson A. (2003), Geology of the Heimaey volcanic centre, south Iceland: early evolution of a central volcano in a propagating rift?, Journal of Volcanology and Geothermal Research, v. 127, s. 55–7
      • Williams Jr. R.S., Moore J.G., (1983), Man Against Volcano: The Eruption on Heimaey, Vestmannaeyjar, Iceland, 2nd edition, published by USGS
      • John McPhee The Control of Nature (1989) ISBN 0-374-12890-1 Rundt ein tredel av boka er vigd til dette utbrotet, den umiddelbare effekten, lavakjøleoperasjonane, og dei involverte.
      • K G Bertmarks förlag, Aktuellt 1973 (1973) ISSN 0343-6993, p. 97–104

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Let me take you to the islands» (PDF). Vestmannaeyjabær. Henta 16. juli 2007.  Turistbrosjyre for Vestmannaeyjar(en)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]