Eldorado

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Eldorado av Neil Young.
Gullskulptur (1200–1500) av flåten brukt av muiscahøvdingen som gav opphavet itl Eldorado-soga.

Eldorado er eit sogeland i Sør-Amerika som skulle vera særs rikt på gull.

Namnet «Eldorado» tyder 'den forgylla' på spansk, og blei på 1500- og 1600-talet brukt om ein muiscahøvding i Colombia. Han skal ha pudra seg med gullstøv då han blei gjort til høvding. Deretter reiste han med fire underhøvdingar på den heilage sjøen Guatavita, ofra gull og smaragdar og skylte av seg gullstøvet i innsjøen. Soga blei også lagt til spansk Guyana og dagens Venezuela.

For europeiske kolonistar og eventyrarar blei «Eldorado» namnet på eit gullrikt land som det blei gjort fleire ekspedisjonar for å finna. Slike eksjpedisjonar blei mellom anna leidde av Francisco de Orellana og Gonzalo Pizarro (1541), Philip von Hutten (1541–45) og Walter Raleigh (1595 og 1617–18).

I overført tyding kan «eldorado» visa til ein herlig stad med overflod av goder, til dømes «eit eldorado for fiskarar», «eit eldorado for familiar» eller «eit eldorado for aksjemeklarar».[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]