Eldorado av Neil Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eldorado
EP av Neil Young
Utgjeve 17. april 1989
Innspelt 13. til 15. desember 1988 i The Hit Factory i New York City
Sjanger Rock
Lengd 25:30
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, Niko Bolas
Kritikk
Neil Young-kronologi
This Note's for You
(1988)
Eldorado Freedom
(1989)

Eldorado er ein EP av Neil Young som berre kom ut i Japan og Australia i 1989. Young var akkompagnert av The Restless, som bestod av Chad Cromwell og Rick Rosas.

Plata inneheld andre miksar av tre songar som like etter kom ut på Freedom, «Don't Cry», «On Broadway» og «Eldorado», samt to songar som ikkje finst på andre innspelingar, «Cocaine Eyes» og «Heavy Love».

«Don't Cry» på Eldorado er lengre enn versjonen som kom ut på Freedom, der noko av gitarsoloen vart kutta ned.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå «On Broadway» (Barry Mann, Cynthia Weil, Jerry Leiber, Mike Stoller).. 

# Tittel Lengd
1. «Cocaine Eyes»   4:24
2. «Don't Cry»   5:00
3. «Heavy Love»   5:09
4. «On Broadway»   4:57
5. «Eldorado»   6:03

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]