Eldrid Lunden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Eldrid Lunden | |
| Nasjonalitet | Norsk |
| Fødd | 5. oktober 1940 (72 år) |
| Yrke | Professor i skrivekunst |
| Periode | 1968 - |
| Sjanger | Lyrikk |
| Debut | f.eks. juli |
Eldrid Lunden (fødd 5. oktober 1940 I Naustdal) er ein norsk lyrikar og professor i skrivekunst.
Ho er utdanna cand. philol. frå Universitetet i Oslo 1973, hovudoppgåva hennar i nordisk heitte Kvar gjekk Nora? : individualisme og kvinnesyn i tre norske drama. På 60-talet var ho del av Profil-krinsen, ei tid var ho også redaksjonsmedlem i Profil. Ho var med å starta opp forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark, Bø i Telemark, frå 1982 var ho hovudlærar der, og i 1996 vart ho den fyrste professoren i skrivekunst i Noreg.
Forfattardebuten kom i 1968 med diktsamlinga f.eks. juli. Ho vert rekna som ein av våre fremste lyrikarar.
Prisar og utmerkingar[endre]
- 2007 - Halldis Moren Vesaas-prisen
- 2005 - Mads Wiel Nygaards legat
- 2000 - Amalie Skram-prisen
- 2000 - Brageprisen: heidersprisen
- 1997 - Melsom-prisen
- 1997 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Slik sett
- 1992 - Aschehougprisen
- 1989 - Doblougprisen
- 1984 - Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond
- 1982 - Nynorsk litteraturpris for Gjenkjennelsen
Verk[endre]
- 2008 – Modernisme eller litterær populisme? : eit essay om Arne Garborg og Knut Hamsun
- 2005 – Flokken og skuggen
- 2004 – Kvifor måtte Nora gå? : nye essays og andre tekstar
- 2000 – Til stades : (tekstar om erindring og gløymsle)
- 2000 – Dikt i samling : 1968-2000
- 1996 – Slik sett, diktsamling
- 1992 – Dikt i samling : 1968-1990
- 1990 – Noen må ha vore her før, diktsamling
- 1989 – Det omvendt avhengige, diktsamling
- 1982 – Gjenkjennelsen, diktsamling
- 1982 – Essays, artiklar og essay
- 1977 – Mammy, blue, diktsamling
- 1976 – Hard, mjuk, diktsamling
- 1975 – Inneringa, diktsamling
- 1968 – f.eks. juli, diktsamling