Eldringen i Stillehavet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eldringen i Stillehavet (engelsk: Pacific Ring of Fire) er namnet på eit 40 000 kilometer langt, hesteskoforma belte av djuphavsgroper, vulkanbelter og plategrenser som ligg langs randen av Stillehavet i Asia, Amerika og Oseania. Langs Eldringen ligg 452 vulkanar, noko som utgjer 75 prosent av alle vulkanar i verda, og rundt 80% av alle jordskjelv finn stad her.