Electrocompaniet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Electrocompaniet er eit norsk føretak som produserer audioutstyr. Electrocompaniet vert stifta av Per Arild Abrahamsen tidleg på 1970-talet. Føretaket produserte mellom anna høgtalarar. Men det føretaket er kjent for er Otalaforsterkaren, som vert rekna som den fyrste serieproduserte TIM-frie effektforsterkaren i verda.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Starten[endre | endre wikiteksten]

I 1970 publiserte finnen Matti Otala resultatet av banebrytande forsking innan forsterkarteknologi [1]. Men arbeidet hans vekte ikkje så mykje oppsikt før han i 1973 heldt eit foredrag om TIM ved ein AES-konferanse. På denne konferansen var den norske lydteknikaren Svein Erik Børja tilstades. Børja var, som mange andre i samtida, lite nøgt med attgjevinga når det vart nytta transistorforsterkarar, som fyrst på 1970-talet vart oppfatta som noko hard og «metallisk». Då han kom attende frå konferansen tok han kontakt med Abrahamsen og dei vart samde om å freista å laga ein forsterkar etter Otals sine retningslinjer. Dei tok kontakt med Nils Jørgen Kjærnet, som var tilsett ved Nera og fekk han til å bygga ein forsterkar [2].

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Då forsterkaren kom i produksjon vart han kalla The 2 Channel Audio Power Amplifier. Han vart svært godt motteken både i Noreg og i andre land og førte til at Electrocompaniet fekk eit godt omdøme. På grunn av at teknologien var tufta på arbeidet til Matti Otala vart forsterkaren ofte kalla Otalaforsterkaren på folkemunne. Føretaket utvida etter kvart med fleire produkt, som i stort mon gjekk til eksport.

Eigarskifte[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha produsert audioutstyr i om lag 30 år fekk Electrocompaniet økonomiske problem og gjekk våren 2004 konkurs og vart kjøpt opp av WestControl i Stavanger, som sprøyta inn ny kapital og fekk føretaket på fote att.

Refereranse[endre | endre wikiteksten]

  1. Otala, M., Transient distortion in transistorized audio power amplifiers, IEEE Trans. on Audio and Electroacoustics, Vol. AU-18, No. 3, Sept. 1970, ss. 234-239.
  2. The Early Electrocompaniet

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Nettstaden til Electrocompaniet