Elefantordenen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elefantordenen er ein dansk riddarorden. Den er den høgaste utmerkinga i landet. Ordenen er blant dei eldste ordener i Europa. Den vart skipa rundt 1457, stifta inn på nytt i 1580 og fekk statuttar i 1693.
Opphavet til Elefantordenen er brorskapet Treenigheten, Jesu Lidelse og Jomfru Maria som blei stifta av kong Kristian I rundt 1457. Det tok opp både menn og kvinner som medlemmer. Kongen var gift med Dorothea av Brandenburg og brorskapet kan ha vore inspirert av Brandenburgs Svaneordenen, skipa i 1440.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Elefantordenen frå Wikipedia på bokmål.