Elektrisk impedans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elektrisk impedans er definert som tilhøvet

Z = \frac{V}{I},

der V er elektrisk spenning og I er elektrisk straum. Impedans kjem frå lat. impedire (hindra, gjera motstand) og er ei generalisering av motstand. Omgrepet vart innført av Oliver Heaviside i 1886[treng kjelde]. Impedans har einig V/A, som har fått namnet Ohm og symbolet Ω.

Impedans er ein kompleks storleik og kan uttrykkast

Z = R + jX,

der realverdien R er elektrisk motstand, j = \sqrt{-1} og X er talverdien til den elektriske reaktansen. Reaktansen kan vera positiv eller negativ. Impedansen til ein ideell spole

Z_L = j\omega L,

der \omega er vinkelfrekvensen og L er induktansen til spolen, er eit døme på ein impedans der realdelen (motstanden) er null og reaktans er positiv. Impedansen til ein ideell kondensator

Z_C = \frac{1}{j\omega C} = -j\frac{1}{\omega C},

der C er kapasitansen til kondensatoren. I dette tilfellet er reaktansen negativ.