Elektrisk straum
Elektrisk straum er elektrisk ladning per tidseining. Ladningen kan vera elektronar i ein elektrisk leiar, ion i ein elektrolytt, eller elektronar og ion i plasma (ionisert gass).
SI-eininga for elektrisk straum er ampere og har symbol I.
Når ei elektrisk ladning Q passerer ei snittflate på tida t, er straumstyrken gjeven ved:
Elektrisk straum fører til eit magnetfelt omkring leiaren.
Vi definerer straumretninga gåande frå pluss til minus i ein last, og omvendt i ei kjelde. At elektrona faktisk flyttar seg motsett veg spelar ingen rolle ved utrekningar.
Snøggleiken av elektrisk straum oppfattast å ligge nær lysfarten i elektriske leiarar. Dette er ikkje riktig når det gjelder fysikalsk rørsle av ladningsberarane. Den elektriske spenninga fører til ei fysisk kraft på ladningsberarane; ein kan kalle det eit trykk. Det er dette trykket som forplantar seg hurtig. Elektrona sjølv sett enkeltvis rører seg i alle retningar og med forskjellige fart til ei kvar tid, uavhengig av tilført spenning eller straum. I statistisk middel flyttar dei seg som gruppe særs sakte, men no avgjort av påtrykket.
Folkeleg bruk [endre]
Straum er eit uttrykk som blir brukt for å skildre elektrisitet generelt, som å slå på straumen, sette straum på, «straumen gjekk» uttrykket «straum» vert som regel nytta når det er snakk om spenning.
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Electric current» frå Wikipedia på bokmål, den 25. august 2012.
