Elektroarbeidernes Fagforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elektroarbeidernes Fagforening, Hordaland Sogn og Fjordane vart stifta 1. juli 1997. Stifinga innebar en samling av alle dei organiserte elektromontørane i privat sektor i Hordaland og Sogn og Fjordane i éi fagforeining.

Samlinga var eit resultat av ei naturleg samfunnsmessig utvikling med omsyn til organisasjon og arbeidsliv, og ei forståing mellom dei to store fagforeiningane i dette området, Elektromontørenes Forening i Bergen og Stord Elektrikarforening.

Elektromontørenes Forening vart stifta i Bergen i 1903, og tilslutta Jern- og Metallarbeiderforbundet. Foreininga var mellom drivkreftene bak stiftinga av eit eige elektrikarforbund i 1918. I 1931 blei foreininga i likheit med resten av fagrørsla i Bergen, ekskludert frå LO. Frå 1934 var Elektromontørenes Forening tilslutta Bygningsarbeiderforbundet fram til ein i 1949 igjen tilslutta seg Norsk Elektriker- og Kraftstasjonsforbund.

Stord Elektrikarforening vart stifta i 1953 i miljøet rundt skipsindustrien på Stord, og tilslutta Norsk Elektriker- og Kraftstasjonsforbund. Foreininga vart etter kvart samlande for elektromontørane i heile Sunnhordland, og etablerte seg etter kvart med ei fast tilsett leiing, slik tilhøva også var i Bergen.

Saman med resten av Norsk Elektriker- og Kraftstasjonsforbund fulgte Elektroarbeidernes Fagforening med over i det nystarta EL&IT-Forbundet i 1998.

Elektroarbeidernes Fagforening er i dag EL&IT-Forbundets største fagforeining med til saman 2900 medlemmer både innanfor tradisjonell elektroinstallasjon, svakstraum og ikkje minst innan oljemiljøet og skipsinstallasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Elektrikere mot strømmen: historien om Elektroarbeidernes fagforening Hordaland, Sogn og Fjordane, 1903-2003. Av Jone Kristian Sunde 2003.
  • www.efbergen.no