Elektrodynamisk høgtalar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Elektrodynamiske høgtalar)
Fig. 1 Elektrodynamisk høgtalarelement, sett frå sida.
miniFig. 2 Elektrodynamisk høgtalarelement, sett framanfrå.
miniFig. 2 Elektrodynamisk høgtalarelement, sett framanfrå.

Ein elektrodynamisk høgtalar har eit eller fleire elektrodynamiske høgtalarelement, òg kalla drivarar. Svært få høgtalarar har berre ein drivar som dekkjer heile frekvensområdet; to eller tre drivarar som dekkjer ulike frekvensområde er mest vanleg, men nokre høgtalarar har fire frekvensområde. Bass- og mellomtonedrivarar har ofte ein konisk membran driven av ein lineærmotor, medan diskantelement ofte kar kuppelforma membran. Det finst òg mange hybridhøgtalarar, som kombinerer elektrodynamiske drivarar med magnetostatar, elektrostatar, bandelement, etc. Denne handlar om elektrodynamsiske drivarar og kabinett for desse.

Elektrodynamisk høgtalarelement[endre | endre wikiteksten]

Den direktestrålande elektrodunamiske høgtalaren, utvikla av Rice and Kellog[1] har ein membran som vert driven av ein lineærmotor. Den ytre periferien til membranen er festa til ei sylindrisk ramme, kalla korga, med eit fleksibelt kantoppheng. I bakkant er membrannen festa til korga med ei fleksibel bølgeforma skive, kalla bakre oppheng.

Motoren er utforma som ein spole (svingspolen), vikla på ein tynn sylinder (spoleforma) som er festa til membranen, Fig. 1. Spolen er plassert i eit magnetfelt, sett opp av ein permanentmagnet. Det bakre opphenget sentrerer svingspolen i magnetgapet.

Polstykket, øvre og nedre plater er laga av mjukt jarn som saman med permanentmagneten og luftgapet formar ein magnetisk krins, som fungerer som leier for den magnetiske fluksen, . Reluktansen i polstykket og platene er mykje mindre enn i luftgapet, slik at den magnetiske flukstettleiken vert mykje større i luftgapet enn i resten av krinsen.

Når motoren vert driven av ein effektforsterkar går det ein elektrisk straum i spolen. Denne gjev opphav til ei kraft

der er den magnetiske flukstettleiken i magnetgapet, er lengda på leiare i svingspole og er straumen i leiaren. Når straumen i svingspolen varierer vil membranen flytta seg att og fram og stråla ut lydbølger.

Høgtalarkassar[endre | endre wikiteksten]

For å unngå akustisk kortslutning vert elektrodynamiske høgtalarelement (ofte kalla drivar) plasserte i ei eller anna form for kasse (òg kalla kabinett). Dei vanlegaste kabinetttypane er lukka kasse og bassreflekskasse (òg kalla ventilert kabinett), men det finst mange andre typar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rice, C.W. og Kellogg, E.W., Notes on the development of a new type of hornless loudspeaker, Trans. Am. Inst. of Electrical Engineers, Vol. 44, 1925, ss. 461-475.
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.